Stortinget markerer røysterettsjubileum

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I 1919 oppheva Stortinget avgjerda i Grunnloven om at røysteretten vart inndratt dersom ein fekk fattigstøtte. Vedtaket førte til at økonomisk og sosial status ikkje lenger var avgjerande for om folk fekk fulle borgarrettar.

17. juli er det dermed 100 år sidan at det i praksis vart røysterett for alle. Stortingspresident Tone Wilhelmsen Trøen meiner det er viktig å markere jubileet.

Stortingspresident Tone Trøen meiner det er viktig å markere stemmerettsjubileet. Foto: Cornelius Poppe / NTB scanpix / NPK

– Det er jo eit viktig jubileum å feire, fordi det er lett å gløyme at retten til å stemme har vorte vunne fram skritt for skritt. Denne typen jubilé er ei viktig påminning om at røysteretten er ein viktig rett og del av demokratiet vårt, seier Trøen til NTB.

Det var Bjørnar Moxnes (Raudt) som foreslo å markere jubileet tilbake i 2017. Ifølgje stortingspresidenten vil det bli ei nøktern markering med fokus på å spreie kunnskap. Stortinget arrangerer tysdag eitt av fleire opne seminar, og har lagt ut gripande historier om enkeltskjebnar på nettsidene side.

Les også meiningsinnlegget: Gjev klimastreikande ungdom røysterett!

– Urettferdig

Nesten 50.000 personar fekk ikkje stemme ved valet i 1915 fordi dei hadde fått fattighjelp frå det offentlege. Å få økonomisk støtte til dømes for å kjøpe skolebøker og klede til barna, var nok til å miste retten til å stemme.

Sjølv om kvinner fekk røysterett i 1913 var det mange som i praksis ikkje fekk bruke han, på grunn av regelen om at fattigfolk ikkje fekk røyste.

– Sjølv om vi tenker at kvinner fekk røysterett i 1913, var det likevel slik at to tredelar av dei som var ramma av denne regelen, var kvinner. Det var veldig urettferdig. Folk som hadde hamna i ein uheldig situasjon, som følgje av sjukdom, ulykke, eller kvinner som hadde vorte enker, fekk ikkje stemme fordi dei fekk fattigstøtte, seier Trøen.

I 2018 var det 100 år sidan britiske kvinner fekk stemmerett. Slik markerte dei jubileet.

Yvette Cooper, parlamentsmedlem for Normanton, Pontefract and Castleford. Fotograf: Hannah Starkey

Kan vere oppvekkar

Medan mange nordmenn for 100 år sidan kjempa for røysteretten, er kampen i dag å få folk til å stemme. Sidan 1983 har valdeltakinga vore under 70 prosent, med botnnotering i 2003 på 59 prosent i kommunevalet og 55,6 prosent i fylkestingsvalet.

Stortingspresidenten trur ei røysterettsmarkering kan vere ein oppvekkar for nokon.

– No er det lokalval til hausten. Ved å markere dette i samband med valet, håper eg at fleire blir oppmerksame på historia vår, seier Trøen.

Ho meiner skulane gjer ein god jobb med kunnskaps- og formidlingsarbeid, og at også media med sine valomatar dei seinare år har gjort informasjon lettare tilgjengeleg for folk. Likevel er ho bekymra.

– Er ikkje dei unge engasjerte, så kan det bli problematisk. Eg trur òg det er viktig at Stortinget er blant dei som bidrar til å spreie kunnskap og informasjon til dei av innbyggarane våre som ikkje har kjent historia vår og det demokratiske systemet vårt frå dei var barn, seier Trøen.

Les også om Barnas valekspertar: – Eg synest det er viktig at unge også engasjerer seg i politikk, fordi då veit dei vaksne at vi har ei stemme og vi er engasjerte.

Desse ni valekspertane skal sørgje for at politikarane pratar barnevenleg fram mot lokalvalet. Foto: Bente Kjøllesdal