Duka for friluftsliv for fjortisar

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Noko av det viktigaste vi gjer er å føra turgleda vidare til nye generasjonar, seier generalsekretær Dag Terje Klarp Solvang i Turistforeininga i ei pressemelding.

Det årlege arrangementet som har fått namnet Opptur, samlar i år over halvparten av alle åttandeklassingane i landet. Under turen på rundt ti kilometer er det lagt inn ei rekkje aktivitetar. Fleire stader kan ungdommane til dømes få vera med i uoffisielt junior-NM i støvelkast.

Kor mykje kan du om FN sine berekraftsmål? Prøv deg på denne quizen.

Friluftsliv, miljø og berekraft

Undervegs får fjortenåringane også testa ut kunnskapane sine om friluftsliv, miljø og FNs berekraftsmål. Eit mål er også at ungdommane skal læra meir om allemannsretten.

– Allemannsretten gjev oss unike moglegheiter for friluftsliv, og bør vera noko alle veit om, unge som gamle. Difor rettar vi merksemda mot dette når vi har med oss halvparten av åttandeklassingane i landet på tur, seier generalsekretæren i DNT.

Sjølv om undersøkingar viser at ungdom veit lite om allemannsretten, kan Den Norske Turistforening gle seg over ein stor vekst i talet på unge medlemmer. Sidan Opptur blei arrangert første gongen i 2006, har talet på ungdomsmedlemmer auka frå 21.627 til 46.596 medlemmer. Det svarar til ein auke på 115 prosent.

Les også intervjuet med den nye leiaren i DNT ung: – Saman skal vi vise fleire ungdomar at det er plass til alle i naturen

Markus Malmin tek over ansvaret for DNT ung dei neste to åra. Foto: Monica Hägglund Langen/DNT Ung