Fleire vil jobbe med teknologi og berekraft i vest
Fleire vil bli ingeniørar på Vestlandet enn i resten av landet – og fleire vil jobba med berekraft
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Over heile landet går søkarmassen ned mellom to og tre prosent, viser tala etter søknadsfristen til Samordna opptak i april. Dette er første gongen sidan 2010 at søknaden til høgare utdanning går ned – elles har tala berre gått oppover.
Ingeniørfag på veg opp på HVL
Mens søknaden går litt ned elles i landet, får ingeniørfaga eit lite oppsving ved Høgskulen på Vestlandet i år. Særleg populært er bygg, bioingeniør, data og automatisering med robotikk.
– Det er vi veldig glade for. Ingeniørfag har lenge vore i ein bølgedal på grunn av konjunkturane, men no ser vi at det ser ut til å ha snudd hos oss, seier prorektor for utdanning ved HVL, Bjørg Kristin Selvik i ei pressemelding.
Berekraft er populært
– Ingeniøryrka viste nedgang etter olje- og gassindustrien fekk ein knekk. No ser vi at fleire fagfolk jobbar med omstilling mot fornybar energi og andre område. Ingeniørfaget skal opp igjen! seier dekan ved Fakultet for ingeniør- og naturvitskap, Geir Anton Johansen.
Dekanen har også god grunn til å glede seg på vegner av naturfaga ved HVL, som har sterke søkartal: geologi og geofare, landskapsplanlegging, «Climate Change Management» og fornybar energi. Teknologi kopla mot andre fag, særleg med berekraft som tema, er ein kombinasjon som er populær i år.