– Ein skal ikkje gjere mykje «gale» før det risikerer å hamne på BA-desken

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Kvifor lokalavisa skal skrive om ein potet som liknar på Elvis? spør journalist og forfattar Ken André Ottesen, og svarar seg sjølv i same andedrag.

– Det er ei bra sak! Ho blir bra lese, folk blir underhaldne og glade. Eg klarer ikkje å finne éin feil med det.

«Dette landet» er bok nummer to frå Ken André Ottesen. Om folk fortset å sende inn bilde, så held han gjerne fram med heile nasjonalsongen. Iallfall første vers. Foto: Kagge forlag

Sidan 2013 har mannen som elles jobbar fulltid som vaktsjef i VG, posta meir og mindre frivillig komiske avisoppslag frå norske lokalaviser på instagramkontoen BA-desken. I skrivande stund har kontoen 134.000 følgarar, og får inn minst 300 tips dagleg.

No gir han ut boka «Dette landet», oppfølgaren til «Ja, vi elsker». Til hausten kjem «Som det stiger frem». Bøkene samlar dei humoristiske høgdepunkta frå kontoen.

– Eg har eit dusin tystarar på kvar lokalavis, så ein skal ikkje gjere mykje «gale» før det risikerer å hamne på BA-desken, seier Ottesen.

Sjølv starta han journalistkarrieren i Oppland arbeiderblad som 18-åring.

Les også intervjuet med Øystein Runde om hans nye bok Berserk: – Eg var redd eg hadde gått for langt

Rare bilde og ikkje-nyheiter

Han legg ut saker med smilande folk framfor brennande bygg, agurkar som liknar på «Skrik» av Munch og ei endelaus rekke med rare ting folk har gjort i helgefylla.

Overskrifter som «Gjekk inn i feil hus i feil kommune», «Roping i Hareid» (Vikebladet Vestposten), og «Gauling i Volda» (Møre-Nytt), er blant favorittane til Ottesen.

– Fyllerøret seier ein del om nordmenn og norsk alkoholpolitikk. Det er full fart natt til laurdag og søndag og relativt stille ellers.

Ein handlelapp på avvegar i Sunnhordland eller ein fisk som er påkøyrd i rundkøyringa på Fosen, er også godt stoff.

Lokalavisene skal spegle dagleglivet til folk, meiner Ottesen. Ein handlelapp på avvege kan verke som ei ikkje-sak, men kan vere interessant for nokon som ser i arkivet om hundre år. Frå «Dette landet», Kagge forlag

– Ein godt skriven notis er rein kunst, meiner Ottesen.

Men sjølv om det er mykje ufrivillig komikk, så ønsker han ikkje å henge ut folk.

– Eg trur folk skjønner at det er ein konto basert på gjensidig respekt, og at det er meint å vere gøy for alle. Så det er eigentleg berre god stemning over heile fjøla, seier han.

Les også intervjuet med Fredrik Sjaastad Næss, stemma bak Konspirasjonspodden: – Dette er på ein måte ikkje jobb. Det er altfor moro til det

Hjarte for lokalavisene

Sjølv om sakene han legg ut, kan sjå mest ut som tull og tøys, har Ottesen eit stort hjarte for lokalavisa.

– Lokalavisa er ryggrada i det norske lokaldemokratiet. Ho sørger for at alle får sagt det dei meiner, og gjer at folk engasjerer seg meir i lokalmiljøet sitt, seier han.

Han trekker òg fram lokal kultur og lokalt språk.

– Eg er jo veldig glad i nynorsk, men klart nynorsk har mange fiendar, og klart målforma hadde stått dårlegare om ho ikkje kom ut i avisform.

Lokalavisa er ryggrada i det norske lokaldemokratiet

Men om lokalavisene skal overleve, må lokalmiljøet bidra, meiner han.

– Det er kjekt med Netflix og HBO, men dei kjem ikkje og fortel om at det er 40 hól i gata di sånn at du ikkje kjem deg fram. Skal avisene skrive om det, så må folk abonnere på lokalavisa. Det er så enkelt som det, seier han.

Sjølv om mediestøttemeldinga som kom i mars, talar lokalavisenes sak, meiner han det uansett ikkje er enorme summar som drysser over desse avisene frå staten. Men han er heilt sikker på at om lokalavisene skriv om det folk bryr seg om i nærmiljøet, så er det bra nok produkt til å overleve uansett.

Les også intervjuet med Trine Skei Grande (V) om mediestøttemeldinga. Endå nynorsk er ikkje nemnd med eit ord, opnar kulturministeren for at nynorsk kan bli eitt av fleire styringsmål.

Dalar, fjell og fjordar

Ifølgje Ottesen er Noreg det landet i verda som har flest lokalaviser samanlikna med innbyggjartal. Det kan ha fleire forklaringar. I tillegg til at vi er eit rikt land der folk har råd til å abonnere på lokalavisa, bur vi spreidd.

– Vi har dalar, fjell og fjordar. Når ein må over eit fjell for å komme til neste bygd, da må bygda ha ei eiga lokalavis.

Han trekker fram Sogn og Fjordane som eit eksempel på eit fylke med mange lokalaviser – som i tillegg heiter nesten det same.

– Vi har Fjordabladet, Fjordingen, Fjordenes Tidende, og så har vi Firda, Firdaposten og Firda Tidend. Og Firda betyr jo også fjord. Så dei er veldig opptekne av fjord i Sogn og Fjordane, konkluderer han.

Kvifor ikkje ta eit familiebilde når fjøsen renn forbi, med tretten geiter i? Frå «Dette landet», Kagge forlag

Han meiner òg at norske lokalaviser er beviset på at vi bur i verdas beste land. Da han sjølv var ute og reiste i verda, kunne han lese i lokalavisa om ordføraren som hadde vorte skoten. I eiga lokalavis las han om mannen som var 90 og hadde feilfrie tenner.

– Vi er frykteleg heldige og må ikkje gløyme det.

Familien som heiar frå sidelinja

– Kvifor er lokalaviser viktige å ha?

– Om ein skal komme på trykk i riksmedia, må ein gjere noko eksepsjonelt. Ein må skåre eit viktig mål i ein viktig fotballkamp, kaste noko tungt veldig langt, eller vere veldig rik, pen, kjent, eller veldig dum. Men dei fleste av oss gjer berre noko litt viktig, eller kastar berre litt langt. Og nokon må skrive om oss òg, seier han.

Ottesen samanliknar lokalavisa med ein familie som står på sidelinja og heiar på deg når du blir nummer 13 i eit kretsrenn. Han trur alle hugsar første gongen dei var i lokalavisa.

Ken André Ottesen starta journalistkarriera da han var 18, og har lang fartstid som lokalavisjournalist. I tillegg har han jobba med humor, blant anna som manusforfattar for Anne Kath Hærland i Nytt på nytt. Her er han på jobb i VG. Foto: Beate Haugtrø / NPK

Må ha dei glade sakene

– Kvifor er det viktig med humor?

– Om du har den perfekte avisa, har du vore innom heile følelsesregisteret når du har lese ho. Du skal bli overraska, glad, irritert, og du skal bli underhalden og le. Eg synest det blir frykteleg feil å kutte dei litt glade lette sakene, seier han.

– Det er fint med graveprosjekt, og norske lokalavisjournalistar er kjempedyktige. Men vi må ha med den poteten som liknar på Elvis òg, seier Ottesen.

Les også intervjuet med Linn Isabel Eielsen (18) som lagar poesi om valdtekt og teikneseriar om livet: – Eg vil få folk til å le først og tenkje etterpå

«Sarkastisk, filosofisk, puns og ungdommer som ikke helt når toppen.» Slik skildrar Eielsen si eiga Facebook-side. Foto: L-innsikt