Ein seriøs moromann

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka var først publisert i Hallingdølen.no.

– Dette er på ein måte ikkje jobb. Det er altfor moro til det, seier han.

Han sit i kantina på Rubicon, Norges største produksjonsselskap. Det er fredag. Den faste dagen i veka han, saman med Bjørn-Henning Ødegaard, spelar inn vekas episode av Konspirasjonspodden – ein av Norges mest populære podkastar.

Podkasten, som har hatt meir enn 400.000 avspelingar i veka og tre millionar totalt, drøftar forskjellige konspirasjonsteoriar i kvar episode.

Lever Elvis?

For lever Elvis? Var det eigentleg ei ulykke som tok livet av Diana? Og kva med Pearl Harbor, stod eigentleg USA bak?

Sjølv hadde han aldri trudd det kom til å bli ein så stor suksess. Eller at han i det heile tatt skulle drive med radiounderhaldning.

Trass i at han allereie på ungdomsskulen var god til å få folk til å le, var det nemleg fotballen som stod mest i hovudet på Ness der han tråkka rundt på Geilo. Men så kom UKM.

Les også: Fride (24) lagar podcast om forhold og kjærleik

Kulturmønstring og russerevy

– Eg fekk mitt fyrste scenemøte som konferansier på UKM. Det var moro å sjå korleis publikum reagerte på dei forskjellige spøkane og innslaga våre, minnest han.

Seinare, under russerevyen på Gol, var han med som både tekstforfattar og hovudperson. Det var likevel eit slumpetreff innom standup- og revylina på Ringerike Folkehøgskule som for alvor fekk Ness inn på det sporet han er på i dag.

Det var moro å sjå korleis publikum reagerte på dei forskjellige spøkane og innslaga våre

Som fyrste kull på den nystarta lina fekk han og klassekameratane lage det meste sjølve. Det gav meirsmak for dei fleste. I dag lever fleire av desse av standup.

– Mange som torde å satse, lever av stand-up i dag. Men eg, eg har aldri tort det.

Les også: Fem feministiske podcastar du bør få med deg

Fredrik Sjaastad Næss har alltid vore ein med gode kommentarar. No håpar han å gjere det til levebrødet sitt gjennom podkasten Konspirasjonspodden.

Fredrik Sjaastad Næss har alltid vore ein med gode kommentarar. No håpar han å gjere det til levebrødet sitt gjennom podkasten Konspirasjonspodden.

Draumen om å satse på humor, revy og podkastar lever framleis, men Ness er ein som likar å ha noko å falle tilbake på. Og etter eit år med medievitskap, ein bachelor i drama og teater og i ettertid praktisk pedagogisk utdanning, er det eigentleg dramalærar han er.

I dag jobbar han 80 prosent som lærar, tek matte ved sida av og lagar podkast.

– Eg tek matte for å kunne få meg fast jobb som lærar. Men eigentleg jobbar eg for å slutte som lærar. Det er jo tullete å jobbe hardt for å få fast jobb slik at eg eigentleg kan jobbe med noko anna, fortel han.

Les også: Laga radiodokumentar om samene si historie

Les resten av saka i Hallingdølen.no.