Verda får ikkje nok av norske vikingar

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Rasmus Ramstad er sjef for The Viking Planet. Foto: Handout

– Verda aldri går lei vikingar, seier Rasmus Ramstad, direktør for «The Viking Planet».

Den nye vikingattraksjonen opnar i juni. Til helga skal dei aller siste filmscenene spelast inn på Tjøme – med scener av vikingskip og ei ofring.

Allereie er målande opptak frå Haugalandet i boks, der Avaldsnes marknadsfører seg som «Homeland of the Viking Kings».

Les også intervjuet med forfattar Øystein Runde: – Ideen min med Sleggja er å laga ei historie som ein viking kunne fortalt ein annan viking.

I tida no

– Vikingfenomenet er kjempestort i heile verda. Anten det er i digitale medium som strøymetenester og TV-kanalar, eller i form av vikingfestivalar, vikingmarknader og vikingsamlingar der folk lever det ut. Det er ei mykje større rørsle enn det eg trudde då vi byrja å jobbe med dette, medgir Ramstad:

– Når du ser på «Game of Thrones», «Vikings» og «Thor» er vikingar meir i tida enn nokosinne.

Medan vikingstatistane i filmane er norske entusiastar, blei trioen Ross O’Hennessy, Murray McArthur og Wolfie Hughes frå nettopp «Game of Thrones» henta inn for å spele i kampscener.

Sit du som spikra til skjermen for siste sesong av Game of Thrones? Her kan du lese kven forskarane seier har størst sjanse til å overleve. 

Karar som dette er populære i heile verda: Vikingar. No kjem eit opplevingssenter som skapar virtuelle vikingar. Foto: The Viking Planet / Handout

Vikingportal

«Feel the viking rush», lyder reklamen for det nye opplevingssenteret. Der kan ein oppleve vikingane ved hjelp av ny teknologi.

– Alt vi presenterer er digitalt, i form av film, hologram og VR. Vi kallar det ein portal til vikingtida, der vikingar kan opplevast i det naturlege miljøet sitt, seier Ramstad – og får det ein augneblink til å høyrast ut som ein eksotisk, virtuell safari.

I den grad vikingkarakterane seier noko, er det på gammalnorsk. Turistane kan velje mellom 11 språk, inklusive mandarin, å høyre tekstar om levemåten og kulturen til vikingane på.

Har du kontroll på dine historiske fakta? Test kunnskapane dine om både kongerekkjer og imperium her.

Prislønte regissør

Ein av hovudkarakterane i 270-filmen som blir å sjå i «The Viking Planet» er Wolfie Hughes, kjent kampkoordinator som blant anna er å sjå i den nyaste sesongen av «Game of Thrones». Foto: Haakon Nordvik / The Viking Planet / Handout

«The Viking Planet» opnar først i Oslo, i eit 1.600 kvadratmeter stort lokale i Rådhusbuen. Til neste år følgjer Bergen og Haugesund, og dei har komme langt på veg mot å opne dørene i York og i Dublin.

– Vi er òg i dialog med 10–20 europeiske og amerikanske byar, seier Ramstad om kor «The Viking Planet» kan bli å sjå.

Om bord på vikingskuta har han blant andre filmregissør Erik Gustavson («Telegrafisten», «Sofies verden», «Herman») som kreativ leiar og regissør for filmane som skal visast.

Og det blir i litt av ein kino, forma som ein gigantisk vikinghjelm. Der vil opptak av vikingar i fri dressur, både i kamp og i fredelege syslar, bli å sjå i 360 grader rundt publikummarane inne i hjelmen.

Langskips-passasjar

For å vere med på ei anna vikingferd – i filmen «The Ambush», om bord i eit langskip utanfor Vestlandet i år 860 – må publikummarane setje seg i ein rørleg stol og ta på seg VR-briller.

Då vil dei gynge med bølgjene, og leve seg inn i bakhaldet. Men så går det gale, og dei angripne slår tilbake.

– Når dei vil om bord, og hogger øksa i båtripa, så ruggar det godt! Det blir intenst og spennande og realistisk, seier Ramstad om VR-filmen, produsert av Ridley Scotts filmselskap RSA Film og Dimension Studios.

– Det blir den første dramaproduksjonen i ein nyskapande teknikk kalla volumetric 3D, der skodespelarane er filma med 106 kamera samtidig – som ein 3D-figur.

Fleire filmar, regissert av Amanda-prisvinnande Erik Gustavsen, er spelt inn for «The Viking Planet» – blant anna her på Haugalandet. Til helga skal dei siste scenene spelast inn på Tjøme. Foto: The Viking Planet / Facebook / Handout

Vil sjå ekte ut

Realisme har vore viktig for «The Viking Planet»-prosjektet, får NTB opplyst.

Medan filmane er ei blanding av fiksjon og fakta, byr attraksjonen på fire andre, svært faktabaserte, interaktive opplevingar som tar for seg skip og navigasjon, kvinner i vikingtida, religion og tru og våpen og krig.

– Der jobbar vi nært med historikarar og vikingekspertar, som blant andre Kim Hjardar, forfattar av ei rekke vikingbøker. Kunnskapen har vi tatt med inn i fiksjonsdelen, så hjelmar, våpen og skip skal vere så korrekte som mogleg, seier Ramstad, og lovar ein ekstra godbit.

– Hologramteknologi gjer at vitjarane skal møte ein tredimensjonal konge som snakkar til deg på gammalnorsk!

Les også: – Norsk tronstrid var som Game of Thrones

Britiske C.J. Gutteridge, å sjå i blant anna «Sherlock» og «Dr Who», blir å sjå som vikingkvinne i 270-filmen til «The Viking Planet». Her frå opptaka på Haugalandet. Foto: Hilde Crone Leinebø / The Viking Planet / Handout

– Eineståande

Ifølgje Rasmus Ramstad finst det ikkje tilsvarande attraksjonar, uansett tema, nokon annan stad i verda.

– Hausten 2017 gjorde vi mykje research i Asia, USA og Europa, og samansetninga av teknologi og opplevingar på denne måten har ikkje vore gjort før. Det finst VR-sentre, og nokre runde kinoar, men å bringe dei saman har ikkje vore gjort før, hevdar han.

Tidlegare i år vart «The Viking Planet» presenterte for internasjonale reisebyrå og -arrangørar, fortel Ramstad. Som før har jobba i Warner Brothers og vore konsernsjef i Svensk Filmindustri i 15 år.

I Gudvangen kan ein gå 1000 år tilbake i tid. Bli med inn i Viking Valley.

Fem vikingar, alle spelt av folk frå Haugesund og omland, fotografert på Mjelkhaug i Kvinnherad. Foto: Martin Svalastog / The Viking Planet / Handout