Klimasatsing har gitt ny lesarrekord – no får Framtida.no ny Fritt Ord-støtte

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Me er kjempeglade og stolte over at Fritt Ord anerkjenner klimasatsinga vår på denne måten, seier Framtida.no-redaktør Svein Olav B. Langåker.

I haust fekk Framtida.no 200.000 kroner frå Fritt Ord til klimasatsinga. No får nettavisa ei ny tildeling på 250.000 kroner.

Framtida.no har i vinter laga ein artikkelserie om lokal klimarisiko og lokale klimaløysingar. Fram mot lokalvalet i september skal nettavisa halda fram med å skriva om klimaløysingar og klimatilpassing i samarbeid med LLA, Energi og Klima og ABC Nyheter.

Populær klimasatsing

Nyhende- og debattavisa for unge har opplevd rekordtrafikk på nettsidene i vinter, med eit snitt på kring 100.000 brukarar i månaden.

– Fleire klimasaker er blant dei mest lesne sakene våre. Fokuset vårt på klima og lokal klimarisiko har dessutan bidratt til meir debatt og engasjement på nettsidene våre, fortel Langåker.

I ein skrivekonkurranse om klima fekk nettavisa inn over 200 bidrag frå ungdom over heile Noreg. I tillegg har det auka på med lesarinnlegg og kronikkar om temaet.

Store forskjellar mellom kommunane

I vinter gjennomførte Framtida.no ei undersøking mellom kommunane i Noreg. 200 kommunar svara, og resultata viser at det er store forskjellar i klimaarbeidet til kommunane.

– No vil me utvikla prosjektet vidare for å setja klima og miljø på dagsorden fram mot lokalvalet, fortel Svein Olav Langåker. Framtida.no vil samarbeida med LLA, dei over 100 LLA-avisene, Energi og Klima og ABC Nyheter om prosjektet.

Hovudmålet med prosjektet er å laga kritisk, undersøkande og opplysande klima- og miljøjournalistikk som når mange lesarar og set dette på dagsordenen i lokalvalet 2019.

Bidrar med gravehjelp til lokalaviser

Fleire lokalaviser har publisert klimaartiklar frå Framtida.no og laga eigne vinklingar.

– Som ei avis som arbeider for å styrkja nynorsken, er me glade for at fleire bokmålsaviser har brukt artiklane våre på nynorsk, seier redaktør Svein Olav Langåker.

Landslaget for lokalaviser har vore med på å spreia artiklane og har òg gjeve tips i idébanken deira om korleis lokalavisene kan laga lokal klimajournalistikk. Fram mot lokalvalet kjem det fleire tips, og Framtida.no skal òg bidra med gravehjelp til lokalaviser som vil jobba ekstra med klimasaker.