Svein Olav B. Langåker
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Han planlegg å køyra frå Svalbard gjennom Noreg, Europa, USA, heile Mellom-Amerika, Sør-Amerika og til Patagonia i Argentina på det elektriske skateboardet sitt.

  1. april drog han frå Svalbard. Båten til Antarktis går 15. mars 2020.

– Det har ikkje gått etter planen så langt. Eg møtte snø og slaps dei første dagane frå Harstad og nedover, som førte til elektriske problem. Eg får nye delar i morgon, så håper at alt er bra igjen med brettet i morgon, sa Andreas Wærstad (36) til Framtida.no tysdag ettermiddag.

Tidlegare har eventyraren både vore på segltur over Atlanteren og reist som backpackar i Sør-Amerika og Afrika, ifølgje Svalbardposten, som først skreiv om eventyrreisa med elektrisk skateboard.

LES OGSÅ: Nordmann sette verdsrekord: Reiste jorda rundt på 56 timar

Toppfart på 30 km/t

Wærstad fortel at han ikkje har skata særleg mykje tidlegare. På ryggen har han med seg det han kallar ein litt for tung sekk på kring 22 kilo. Han skal dokumentera reisa, og bruker då litt fotoutstyr til dette som veg litt.

Skateboardet han skal reisa med, har ein toppfart på om lag 30 kilometer i timen, med to batteri som skal halda tre mil før dei må ladast. Når han kjem til USA håpar han å finna ei løysing med solcellelading.

 

Se dette innlegget på Instagram

 

Et innlegg delt av Andy Warstad (@andywarstad)

Gler seg til å treffa folk

Warstad har brukt mykje tid på å planlegge ruta, og fortel at det han er mest spent på, er vêret og trafikken.

– Kva gler du deg til?

– Det er fleire ting eg gler meg til. Nord-Noreg og Lofoten har vore ein draum lenge. Sørstatane med Louisiana og Alabama blir spennande, og menneska og kulturen i Sør- og Mellom-Amerika.

Wærstad budd i USA før, og reist mykje i Sør- og Mellom-Amerika, og håpar å treffa gamle kjente i løpet av turen.

LES OGSÅ: Edinburgh er ein blodig fin by

Kan koma i Guinness Rekordbok

– Eg må nok ha nokon liter taterblod i årene som fører til rastløysa. Eg likar å reisa, møta menneske og oppleva natur og kultur. Pluss at ingen har gjort dette før, så det gjer det jo ekstra spennande, seier han til Framtida.no.

Om han klarar å gjennomføra reisa, hamnar han i Guinness rekordbok.

Andreas Wærstad prøver å samla det meste av bilde frå turen på Instagram-kontoen sin.

– Kult viss du får med at dei som vil følgja reisa kan følgja den kontoen, avsluttar han.

LES OGSÅ: Steg for steg kom Elin nærmare draumen – så reiste ho til Amazonas