Steg for steg kom Elin nærmare draumen – så reiste ho til Amazonas

Elin Glærum Haugland (29) har alltid elska å måle og å vere i naturen. I Amazonas fekk ho begge delar. Ho trur at jo fleire som følger draumane sine, jo lettare blir det for andre å gjere det.

Beate Haugtrø
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ho elskar å måle og har gjort det heile livet. Og sidan ho var lita har ho vore utruleg glad i naturen.

– Så synd å sitte inne og måle når det er så fin ute, tenkte ho.

Elin Glærum Haugland (29) ønskte å finne ein måte å vere så nær naturen som mogleg da ho måla.

– Då eg var lita, brukte eg å gå i skogen og helse på plantane då dei kom om våren.

– Dette bildet representerer ein draum som har blitt oppfylt. Det var det her eg såg for meg da jeg dagdrømte om å male i Amazonas for fem år sidan, seier Haugland. Foto: Privat

– Dette bildet representerer ein draum som har blitt oppfylt. Det var det her eg såg for meg da eg dagdrøymde om å måle i Amazonas for fem år sidan, seier Haugland. Foto: Privat

 

Før trudde ho det skulle komme nokon inn i livet hennar og spørre om ho ville vere med på noko skikkeleg spennande. Men det kom ikkje nokon. Da ho var 25, skjønte ho at ho måtte gjere det sjølv.

– Så då byrja eg å tenke på kva som ville vore veldig spennande, kva er det eigentleg eg ventar på.

Ho hadde ei hengekøye på rommet sitt. Der låg ho og skreiv liste over kva dei største draumane hennar var.

– Kva har eg lyst å oppleve?

Draumane hennar var:

  1. Dra til stader i verda med aller størst mangfald av plantar. Det var Amazonas.

– Det var ein så stor tanke at eg nesten ikkje turte å tenke den. Eg skjønte ikkje koss eg skulle komme meg dit, og var kjemperedd for i det heile tatt å tørre å drøyme. Sånn var det i fleire år.

2) Å sjå stjernehimlen over Stillehavet, og morilden i vatnet der.

– Eg hadde lese om det i boka til bestefaren min. Han segla over Stillehavet på ein balsaflåte. Han var med Thor Heyerdahl på Kon-Tiki-ekspedisjonen som radiotelegrafist. Difor hadde eg høyrt om Polynesia heile livet.

Ho hadde lyst til å møte og å snakke med dei som budde i regnskogen i Amazonas. Ho hadde eigentleg ikkje så lyst på sjølve reisa. Men for å møte dei, var ho nøydd til å reise.

Området Elin Haugland reiste til. Foto: Privat

Området Elin Haugland reiste til. Foto: Privat

Fann metodar for å tørre å følge draumane

For å tørre å drøyme, så fann ho heltar ho beundra som hadde gjort fantastiske ting. Da vart ikkje hennar eigne draumar så avskrekkande.

Nokre av heltane var:

Hennar eigen bestefar, Knut Haugland, som hadde vore med på Kon-Tiki-ekspedisjonen. Han hadde òg vore med på tungtvannsaksjonen under krigen.

Bestemor hennar, Ingeborg Haugland. Ho kom frå ein liten gard i Noreg, og hadde reist åleine til USA som ung dame i 1946, for å jobbe på den norske ambassaden i Washington. Det var ikkje så vanleg at damer reiste så langt aleine på den tida.

Ein kunstmålar som heitte Marianne North. Ho var oppdagingsreisande, og reiste frå 1870 rundt i heile verda og måla planter. Ho gjekk på svære myrer og fjell i store kjolar, for å måle i naturen.

Elin Haugland måtte mote seg opp. For å tørre, så øva ho seg. Ho tok øvingsturar ut i skogen heime i Noreg, der ho overnatta åleine i skogen. Og ho hoppa i fallskjerm. Og ho drog på mindre turar til land i Europa. På ulike museum lærte ho mykje om kva ho var interessert i.

Steg for steg kom ho nærmare draumen.

Så reiste ho.

Utsikt over regnskogen Foto: Privat

Utsikt over regnskogen i Brasil. Foto: Privat

I november 2015 var ho to månader i Amazonas i Peru. Der var ho på ein artist recidency, ein bustad kunstnarar kan søke om å få bu og jobbe frå.

Ho drog òg på kanotur med guide, for å sjå meir dyreliv.

I Peru lærte ho å finne fargar på bakken. Ho kallar dei landpigment. I elvane i høglandet av Amazonas fann ho eit stort spekter av fargar.

I Peru lærte ho å finne fargar på bakken. Her kan dere se prosessen fra stein til pulver og så til maleri. Foto: Privat

I Peru lærte ho å finne fargar på bakken. Her ser ein prosessen frå stein til pulver og så til maleri. Foto: Privat

Hand-painted postcard paintings made using natural color pigments from the Brazilian Amazon jungle

«Hand-painted postcard paintings made using natural color pigments from the Brazilian Amazon jungle»

Så drog ho vidare til Påskeøya, Tahiti, Samoa, New Zealand. Til saman var ho fire og ein halv månader på tur. Den andre gongen ho reiste var i 2017.

Då var ho på Påskeøya, i Amazonas i Peru, og i Amazonas i Brasil.

På turane har ho lært seg å finne fargar til å måle med i naturen. Fargane finst som jord, i pulver frå steinar, i plantar og i frukter og vekster.

Det er vanleg i Amazonas å bruke plantepigment til kroppsmåling. Her ser de achiote og huito. Achiote er ein raudfarge og huito er ei frukt som skiftar farge til blåsvart når ho eksponerast for luft.

Det er vanleg i Amazonas å bruke plantepigment til kroppsmåling. Bildet viser achiote og huito. Achiote er ein raudfarge og huito er ei frukt som skiftar farge til blåsvart når ho eksponerast for luft. Foto: Privat.

Mange stader hadde dei tradisjonar for å finne og bruke fargane i naturen, og det var ein naturleg måte å bli kjent med folk og å lære på.

Annleis å måle med fargane frå naturen

– Å måle med fargane eg finn i naturen kjennest som å måle med naturen sjølv. Det kjennest som at naturen samarbeidar med meg. Når eg er ute og målar så kanskje det byrjar å regne, eller blåse. Alt påverkar koss bildet blir, seier ho.

Kvar stad påverkar koss måleriet ser ut. Eg måler berre på rein kjensle i det augeblinket.

Ho fortel at når ho målar, er ho ikkje kvinne eller mann, ho berre eksisterer.

Foto: Privat

Foto: Privat

– Og da kjennast det som at eg er i kontakt med noko anna. Det er det eg kjenner er i fargane. Ei slags kraft, seier ho.

– Då eg måla på Påskeøya, så dukka guden deira opp i måleria mine utan at eg planla det. Guden heiter Make make. Eg hadde høyrt om han, men visste ikkje mykje om han i det heile tatt. Eg berre måla, og så har vi sett det etterpå.

Ho fortel at ho får kontakt med eit eller anna lag når ho målar.

– Det er vanvittig spennande. Det gjer at når eg snakkar om måleria eg har laga på Påskeøya med folk som bur der, så skjønar vi kvarandre gjennom bildet.

LES OGSÅ: Barneskrømt i Amazonas

Ei anna sanning i møte med Amazonas

Heilt sidan ho var lita har ho følt at det er ei sanning i det urbefolkninga i delar av verda trur om verkelegheita.

Ho hadde lese om menneske som bur i tett kontakt med naturen. Sjølv om dei budde heilt forskjellige stader i verda, fann ho historier som var veldig like. Tankar om at alt vi omgir oss med har ånd i seg.

– Eg har møtt menneske som er utruleg audmjuke for naturen. Dei spør skogen om lov før dei går inn i den og takkar naturen for det den gir oss. Foto: Privat

– Eg har møtt menneske som er utruleg audmjuke for naturen. Dei spør skogen om lov før dei går inn i den og takkar naturen for det den gir oss. Foto: Privat

– Vi kan ikkje heilt forstå det ut ifrå våre begrep, seier Haugland.

– Når eg har lese om dei måtane å tenke om verda på, har eg kjent at «ja», det stemmer mykje betre med det eg føler er rett, enn synet på verkelegheita eg er omgitt av i samfunnet her.

– Dei som har vore rundt meg her, har sagt «nei, det er ikkje sånn». Då eg bestemte meg for å ta draumane på alvor, fann eg svar på at det eg også kjente er rett. Det er berre forskjellige måtar å sjå ting på. Det er ikkje noko som er mindre rett enn noko anna, om det kjennest rett for ein sjølv, seier ho.

Elin Glærum Haugland i atelieret på Helsfyr. Foto: Beate Haugtrø

Elin Glærum Haugland i atelieret på Helsfyr. Foto: Beate Haugtrø

 

Haugland vil slå eit slag for det å ta draumane sine på alvor.

– Vi lever berre dette livet, seier ho.

Ho trur at jo fleire som følger draumane, jo lettare blir det for andre å gjere det.

– Når nokon driv med det dei synst er utruleg spennande, da kan andre gjenkjenne den flammen. Eg trur at flammen i ein person vekker flammen i personane rundt.

LES OGSÅ: Om å reise seg sjølv spennande

Postkortbilde Elin Glærum Haugland

Postkortbilde. Elin Glærum Haugland

– Eg vil at den magien eg kjenner når eg målar, skal oppbevarast i bildet, og at det skal skine ut til den som ser på måleriet.

Gjennom å måle ønsker eg å gi noko, vekke noko. Kanskje den gnisten.

Ho opplever at mykje rundt oss i Vesten er så alvorleg.

– Eg trur vi alle har ei sanning inne i oss. Vi blir så lærte opp til å stole på idéar og tankar. Men så har vi magekjensle, og noko vil kallar intuisjon. Og eg at trur jo meir vi gir det plass, så vil vi merke at det er ein annan form for intelligens der, seier ho.

Som at det som er rett for akkurat ditt liv, byrjar å skje dersom du lyttar og tar steg i retning av det.