Nordmann sette verdsrekord: Reiste jorda rundt på 56 timar

Svein Olav B. Langåker
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Gunnar Garfors er forfattar og har skrive fleire reisebøker.

No har han altså reist jorda rundt på under 60 timar og var innom alle dei seks kontinenta.

Hadde han privatfly? Neida. Dette var rutefly!

Guinness rekordbok

Reisa starta og slutta i Australia, og på turen stoppa dei i Santiago, Panama, Madrid, Alger og Dubai.

På litt over to døgn har dei reist 43.000 kilometer med ein gjennomsnittsfart på 750 kilometer i timen.

Verdensrekorden er så langt uoffisiell, sidan Guinness rekordbok må godkjenne den.

Galne idéar

Gunnar seier til VG at han vil inspirere andre med verdsrekorden.

– Vi vil inspirere folk til å gjere det dei har lyst til – uansett kor rart det høyrest ut.