Framleis mange lause trådar etter Kielland-ulykka

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Oljeeventyret var berre i den spede byrjinga då Alexander L. Kielland-plattforma havarerte i Nordsjøen våren 1980.

Den offisielle forklaringa på Alexander L. Kielland-ulykka var ein dårleg sveis – ein omstridd konklusjon.

39 år seinare fortel dei overlevande si historie i radiodokumentaren «Alexander Kielland. Plattformen som veltet», som er ein del av NRK-serien Hele historien.

Les også: NRK vil nå unge med «Lykkeland»

Kinokveld på plattforma

Kvelden onsdag 27. mars 1980 var mange av arbeidarane samla for å sjå film i kinosalen, nokre spelte poker på lugaren, andre hadde lagt seg eller var på jobb.

Alexander L. Kielland var ei bustadplattform, eit såkalla flotell, for arbeidarar på fleire installasjonar på Ekofisk-feltet.

Der budde arbeidarane i containerar som var stabla oppå kvarandre på dekk. Plattforma var opphavleg ei boreplattform konvertert til bustadformål, og blei igjen bygd om fordi ho skulle flyttast inn i engelsk sektor og brukast som borerigg.

Bustadplattforma «Alexander L. Kielland» (t.v.) var eigd av Stavanger Drilling og leigd av Phillips Petroleum. Her ved plattforma «Albuskjell 2/4» på Ekofiskfeltet. Bildet blei tatt før 1980.
Foto: NTB Arkiv / NTB scanpix / NPK

Ekofisk-feltet

To år tidlegare starta produksjonen på Ekofisk, det største petroleumsfeltet til havs då det blei oppdaga. Feltet la grunnlaget for den norske oljeverksemda, og er framleis i drift når Noreg i år markerer at det er 50 år sidan det blei funne olje på norsk sokkel.

Ekofisk ligg langt sør i norsk sektor i Nordsjøen, om lag midt mellom Storbritannia og Danmark.

I 1975 blei drifta utvida til fleire felt i området. Eitt av desse er Edda, sørvest for Ekofisk, som får éi plattform, Edda 2/7 C. Kielland-plattforma var kopla til Edda 2/7 C med ei gangbru.

Les også: 50 år med oljeboring i Noreg

Velta på 20 minutt

Kvelden 27. mars byrja det blåse opp. På grunn av dårleg sikt og vind på 16–20 meter per sekund og bølgjer på 6–8 meter blei gangbrua mellom dei to plattformene heist, ifølgje rapporten til ulykkeskommisjonen.

Kielland blei hala bort frå plattforma Edda ved å justera kjettingane mellom åtte anker som heldt plattforma på plass.

Ein halvtime seinare brekte D-søyla av Kielland, og plattforma krengde 30 til 35 grader. Plattforma hadde nok oppdrift til å klara seg med fire bein. Men på grunn av ombygginga stod fleire dører opne. Gjennom desse fossa vatnet inn.

Det gjekk om lag 20 minutt før plattforma gjekk heilt rundt.

Ein omfattande redningsaksjon blei sett i gang, men det var ikkje mogleg å redda 123 av dei 212 om bord.

Det var eitt av fem plattformbein, D-søyla, som braut av og gjorde at plattforma byrja og krenga.
Foto: Erik Thorberg / NTB scanpix / NPK

Lite omtanke for tryggleik

– Det var ein heilt anna kultur. Der var det kvar mann for seg og å gjera som sjefen sa, elles kunne du berre gå i land, seier radiodokumentarist Edvard Hambro.

Edvard Hambro i NRK har laga radiodokumentaren «Alexander Kielland, plattformen som veltet». Foto: Bjørn Ivar Voll / NPK

I den tre episodar lange radiodokumentaren som er laga for NRK P2 har han snakka med overlevande for å få greie på korleis ulukka kunne skje.

Dei fortel om vener og kollegaer som ikkje kom seg ut, blei kasta på sjøen, knuste av utstyr som flytta seg på dekk og om livbåtar som ikkje lét seg låra.

– På denne tida kunne ein ikkje nok. Hugs på at då Alexander Kielland-ulykka skjedde hadde me så vidt byrja med oljeboring. Det var mykje ein ikkje kunne, seier Hambro.

Éi forklaring, fleire motførestillingar

Ulykka blei granska, og i 1981 var konklusjonen klar. I korte trekk kom ulykkeskommisjonen fram til at det var ein sveis frå det franske verftet CFEM som ikkje heldt.

Etter omfattande politisk strid blei plattforma senka på 700 meters djup i Nedstrandsfjorden den 18. november 1983.
NTB arkivfoto: Bjørn Sigurdsøn / NTB scanpix / NPK

Hambro er ikkje overtydd om at konklusjonane ulykkeskommisjonen kom til er riktige. Saman med dei overlevande etterlyser han ein ny kommisjon for å få fram heile sanninga.

– Det franske verftet, som brukte fire år på undersøkingane sine, kom fram til at den sveisen ikkje kunne vera den einaste årsaka, men at riggen var brukt feil, seier Hambro.

I manualen til plattforma stod det at det alltid måtte vera ti anker i bruk. Då plattforma låg ved Edda, blei berre åtte brukte. Årsaka var ein oljeleidning i nærleiken.

– Då seier det seg sjølv at du ikkje har følgt bruksrettleiinga og du har belasta dei andre beina på ein feil måte. Alt dette er dokumentert av franskmennene, seier Hambro.

Plattformsjefen varsla ulykka

Radiodokumentaristen er overbevist om at hovudårsaka til ulykka var at Alexander L. Kielland var blitt drifta feil i fleire år.

Hambro var spesielt overraska over at plattformsjefen visste om sveisen.

– Han var reddare og reddare for å gå på jobb. Han fortalde til kona si at det kom til å skje ei ulykke, og han hadde teikna privat livsforsikring før ulykka, fortel Hambro.

Den same mannen hadde òg klaga til Phillips, som dreiv plattforma og eigaren Stavanger Drilling.

– Desse breva blei ikkje funne etterpå. Det er ein del ting her som ikkje er bra, men som er umogleg å bevisa, seier Hambro.

Bildet viser plattforma Alexander Kielland dagen etter ulykka i Nordsjøen. Berre deler av dei fire beina er synlege etter at eitt bein brekte av og plattforma velta.
Foto: Erik Thorberg / NTB scanpix / NPK

Uvisse og harme

Mange oljearbeidarar trur heller ikkje på den offisielle forklaringa. Det kjem klart fram i artikkelen «Alexander L. Kielland-ulykken 1980. Fortielsen og forbitrelsen» i den siste utgåva av tidsskriftet Arbeidshistorie.

Artikkelen viser til at arbeidet til kommisjonen i lita grad involverte dei som var ramma av ulykka, og arkiva frå granskingskommisjonen blei lukka for innsyn.

– Vekta på ein-faktor-forklaring i staden for ulykkesforløp førte også til at fokus blei retta mot forhold som manglar ved konstruksjonen, og ikkje på operasjonelle forhold som hendingar, rutinar, arbeidsmåtar eller arbeidskultur som kan ha ført til katastrofen, skriv professor Marie Smith-Solbakken ved Universitetet i Stavanger og professor Hans-Jørgen Wallin Weihe ved Høgskolen i Innlandet.

Framleis lever mange utan å vite kvifor den fatale ulykka skjedde.

– Ingen har tatt ansvar for ulykka. Ansvaret blei aldri plassert. Det er bittert for dei overlevande å bli overkøyrde og å ikkje få svar, seier Smith-Solbakken til Nynorsk pressekontor.

Monumentet «Brutt lenke» på Smiodden utanfor Stavangerer er til minne om Alexander Kielland-ulykka 27. mars 1980. Foto: Alf Ove Hansen / NTB scanpix / NPK

Lause trådar

Hambro har jobba lenge med dokumentaren, men kan ikkje lova at han kan presentera heile historia.

– Eg synest det er mange lause trådar. Rettssaka mellom verftet og Phillips er hemmelegstempla til 2040. Då er det ikkje mange igjen av dei som var med. Eg tenkjer me får vita litt meir når det forliket blir gjort offentleg, men då er det litt seint. Det er dei som lever no, som gjerne skulle hatt svar, seier Hambro.

Les også om det nye brettspelet «Offshore» der spelarane skal konkurrera om å henta opp olje og gass frå norsk sokkel:

Brettspelet «Offshore» gir spelarane moglegheit til å bygga plattformer i dei norske havområda. Spelet er under utvikling og kjem ut i 2019. Foto: Bjørn Ivar Voll / NPK