Undersøking: Eldre ungdom mest klare for oljestopp

Medan 38 prosent av unge mellom 12 og 15 år vil fase ut eller stoppe oljeindustrien, ønsker 60 prosent av dei mellom 16 og 19 det same, viser ei undersøking.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Totalt svarer 14 prosent av barn og unge at dei meiner Noreg bør slutte å produsere olje og gass no. Delen er relativt lik for dei ulike aldersgruppene, men høgast for 16 til 19-åringane med 16 prosent, skriv Klassekampen om undersøkinga, som er utført av Ipsos for Natur og Ungdom.

779 jenter og gutar i alderen 8 til 19 år er intervjua om haldningane sine til oljeindustrien.

Les også sakene frå skulestreiken her.

Mindre usikre med alderen

Neste kategori er den som får breiast støtte, med 29 prosent som svarer at dei meiner Noreg bør slutte å leite etter ny olje og gass og gradvis trappe ned oljeindustrien. 22 prosent synest vi bør fortsetje å leite etter og produsere olje og gass.

Støtta til gradvis avvikling er størst blant eldre tenåringar, heile 44 prosent av 16- til 19-åringane vel dette alternative. 26 prosent av 12- til 15-åringane og 16 prosent av 8- til 11-åringane gjer det same.

Ikkje så overraskande viser tala at jo eldre den oppveksande generasjonen blir, desto meir bevisste er dei. Delen som svarer «veit ikkje» krympar med alderen, frå heile 54 prosent usikre 8- til 11-åringar til berre 13 prosent i alderen 16 til 19 år som ikkje veit kva dei skal meine.

Les også Magnus Kessel (17) sitt meiningsinnlegg: Vi kan framleis vere eit Lykkeland og samtidig vere klimabevisste