Barn av innvandrarar gjer mindre kjønnsdelte utdanningsval

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Kjønnsdelinga i arbeidsmarknaden er lågast blant arbeidstakarar som er rundt 30 år. Deretter aukar han gradvis fram mot pensjonsalderen, seier forskingsleiar Liza Reisel i ei pressemelding.

Denne veka lanserte Institutt for samfunnsforsking på oppdrag for Bufdir ein ny rapport som ser på årsakane til den kjønnsdelte arbeidsmarknaden her til lands.

Les også: Henriette (18) drøymer om å setja seg bak rattet i ein diger Scania

Meir kjønnsdelt på bygda

Rapporten slår fast at det er lite forsking på miljøfaktorar som påverkar gutar og jenter sine utdanningsval, likevel finn dei nokre tendensar:

  • Foreldra si utdanning påverkar borna sitt utdanningsval, men samanhengen er svakare for jenter enn for gutar.
  • Barn av innvandrarar gjer mindre kjønnsdelte utdanningsval enn majoritetsbefolkninga.
  • Utdanningsvala er generelt meir kjønnsdelte i mindre sentrale strøk.

Les også: Total mannsdominans på utdanningane til gitar, bass og trommer

«Det norske likestillingsparadokset»

Liza Reisel har leie forskinga bak rapporten. Foto: Institutt for samfunnsforsking

«Det norske likestillingsparadokset» handlar om at trass i at guter og jenter har like moglegheiter til å velje ulike utdanningar er arbeidsmarknaden svært kjønnsdelt. Berre 15 prosent jobbar i yrker der det er kjønnsbalanse. Med kjønnsbalanse meiner ein at det er meir enn 40 prosent av både kvinner og menn blant arbeidstakarane.

Kvinner vel i større grad enn før mannsdominerte utdanningar og yrker.

– Kvinneandelen har særleg aukt i utdanningar til yrke som medisin, psykologi, juss og økonomi, men det har òg vore ei betydeleg auke i delen kvinner på ein del av ingeniørutdanningane, understreker Reisel.

Andre vegen har det ikkje vore like stor utvikling og det er framleis relativt få menn som jobbar som grunnskulelærar, sjukepleiar eller helsefagarbeidar.

Les også intervjuet med Sjur og Sondre som vart leie av bank og frilansliv og heller starta på sjukepleien. 

Kjønnsdelt yrkesfag

På dei studiespesialiserande linjene på vidaregåande er det god kjønnsbalanse, men når det kjem til yrkesfag er stoda noko ganske anna.

Service og samferdsel er det einaste av dei gutedominerte utdanningsprogramma der over 10 prosent av elevane er jenter. Litt betre er det på dei jentedominerte yrkesfagutdanningane, der nesten 20 prosent av elevane er gutar.

På helse- og oppvekstfag har gutedelen aukt frå 12 prosent i 2010 til litt under 20 prosent i 2018.

Les også om kvifor det er så få kvinnelege musikkprodusentar: – Eg har veldig mange gutevener som driv med musikkproduksjon, men eg kjenner ingen jenter som gjer det.