«Eg har ein draum. Vennleg helsing, Jordkloten»

Katarina Moberg Henriksen (14)
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Katarina Moberg Henriksen sitt innlegg er blant dei som fekk heider i Framtida.no sin skrivekonkurranse om klima.

Eg er i ferd med å døy ut.

Eg har feber, som aukar kraftig. Skogane mine blir kutta ned og havet mitt stig.

Artane mine er i ferd å døy ut saman med meg.

Isbjørnane mine smeltar og fiskane mine kokar.

Det vert laga orkanar og flaumar utan mitt samtykke

Det vert laga orkanar og flaumar utan mitt samtykke.

Eg ser ikkje nokon ting lenger, på grunn av all den grå gassrøyken, som fullstendig dekkjer atmosfæren min.

Det ser ikkje ut som at nokon bryr seg eller gjer noko med det.

Eg skulle ønskje at alt var som før.

Eg skulle ønskje at skogane mine aldri blei øydelagde. Ein gong var dei knall grøne og friske.

Alle mogelege artar levde og fungerte i saman. Kvar morgon kvitra fuglane mine, og det var dogg på alle dei vakre, friske blada mine.

Alle insekta mine hadde gode levekår og ein vakker plass å bu.

Trea mine brukte å vera så friske og flotte. Greinene var kraftige og sterke, akkurat sånn som eg var.

Isbjørnane mine druknar i von om å finna mat

Eg skulle ønskje at isbjørnane mine ikkje smelta, som isklumpar i ein rykande kopp med kakao. Dei pleidde å vera så kjølige og glade. Dei fanga fisk og leika seg i snøen, som låg så fint.

Isbjørnane var store og majestetiske dyr. Dei var elgane og løvene av Arktis. No klarar eg ikkje å sjå på dei meir. Dei er det magraste eg har sett. Det er ikkje fisk å sjå.

Isbjørnane mine druknar i von om å finna mat. Mor og far kjem aldri tilbake, og ungane døyr av sult.

Eg skulle ønskje at ørkenane mine greidde å avgrensa seg. Dei veks som blomar, sådd i ein nygjødsla plen.

Ørkenane spreier seg over alle dei friske og grøne landområda mine. Alle planter blir brune og svake. Dei knekk når sandstormen susar forbi.

Nedbøren min rekk ikkje fram og klarer ikkje å stoppe det. Det er så knusktørt, at ein skulle tru at vatn berre var ei myte.

Dei er under ein trolldom de liker å kalla «global oppvarming»

Men det er ikkje ørkenane mine sin feil. Dei er under en trolldom de liker å kalla «global oppvarming».

Eg skulle ønskje at korallreva mine ikkje var så deprimerte. Dei er så triste og grå. Ingen av koralldyra mine vil bu der lengre. Reva er fargelause og forlatte i varmen. Dei kokar i hop med fiskane mine.

Havet mitt er fullt av gassar, som gjer at det smakar surt. Det er den same gassen som dekkjer utsikta mi og gjev meg feber.

Planktonet mitt og fiskane mine er på flyttefot. Dei rømmer nordover for å søkje kaldare vatn.

Havet mitt, som stig så kraftig, vil snart ta med seg dykk i tillegg og koka dykk i lag med resten av sjødyra mine.

Kjære menneske, eg er no komen til dykk for hjelp

Kjære menneske, eg er no komen til dykk for hjelp.

Eg er så godt som øydelagd og har ikkje mykje tid igjen.

Feberen fortset å stiga og eg har ikkje noko kontroll.

Eg treng hjelp av alle menneske. Eg treng pleie og hjelp til å koma i balanse igjen.

De må stoppa trolldommen, som mine dyr og planter, kjenner til så alt for godt.

Det er eit håp i alt og eg er villig til å kjempa saman med dykk. Men, dersom menneska gjev opp, kjem eg til å døy i næraste framtid og de vil døy i lag med meg.

Les vinnarinnlegget «Klimaverstingen: Lukk auga, så er graset framleis grønt»

Les intervjuet med vinnaren Fridar Malmsten Steinkopf (17) her: – Det er viktig at me legg fokus på dei konsekvensane livsstilen og forbruket vårt har for miljøet og klimaet, og at me alle bryr oss.

Fridar Malmsten Steinkopf vann med innlegget «Lukk auga, så er graset framleis grønt». Foto: privat