Bjella slepp jordsjukdikta laus

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eigesjuka kan lett ta overhand

Dei ønskjer å eige sitt eige stykke jord, noko Bjella sjølv har kjent på der han residerer i Ål i Hallingdal på dels arva, dels kjøpt jord («Nja, det er særleg fiskeretten da»). Men eigesjuka kan lett ta overhand – enten det gjeld jord eller kjærleik.

– Eg har prøvd å halde to tema gjennom samlinga, og det er korleis eigesjuka grip inn i både jord og kjærleik, seier Bjella til NTB.

Og sjølv om det er mykje som bygdefolk kan kjenne seg igjen i – som jordskifte og hyttetomtsal det er grunn til å angre på, meiner han likevel det er noko for byfolk der òg:

Ikkje plater kvart år

Stein Torleif Bjella syng om kjærleik og jordsjuke i diktdebuten «Jordsjukantologien». Foto: Gitte Johannessen / NTB / NPK

Stein Torleif Bjella syng om kjærleik og jordsjuke i diktdebuten «Jordsjukantologien». Foto: Gitte Johannessen / NTB / NPK

– Alle har vi det med oss, i form av ein elementær søken etter ein tryggleik, og alle skal vi gjennom eit arveskifte. Berre negativt er jordsjuke heller ikkje. Det handlar òg om vilja til å få til noko, skape noko – og sjå nytta i naturressursane som ligg der.

I fjor avviste han forfattardraumane og sa at han rei to hestar – ord og musikk, og at det å skrive songar og spele dei, var det han dreiv med. Likevel: Her er Bjella, omgitt av begeistra forlagsdamer i hovudstaden og med ei diktbok i svart og gull i hende.

«Jordsjukantologien» er tittelen, skriven med mindre skrift enn det kjente namnet – kjent frå eit knippe prisvinnande og meldarroste musikkalbum.

– Ein kan ikkje gi ut plater kvart år, seier Bjella, som sende inn ei samling tekstar til Oktober forlag før sommaren. Det vart eit heilhjarta ja og ønskje om fleire dikt, som han brukte sommaren på.

Tilbake til vonde viser

Sjølvsagt er linken til musikktekstane han skriv, der: Det å vere «jordsjuk» dukka først opp som ein låt på 2011-skiva «Vonde Visu».

– Eg var nok ikkje heilt ferdig med temaet, med omgrepet, som eg først vart presentert for munnleg heime i Ål. «Han er veldig jordsjuk», seier folk, og da veit alle kva vi snakkar om, seier han skrått.

Dermed vart dikta til. Korte, slik han liker det, ofte historieforteljande, men òg meir korthogne linjer som kompletterer kjenslelivet til karakterane. Antologien startar da òg med orda: «Det er berre to tragediar i livet: tap av kjæraste og jordskifte».

Bjella humrar når han snakkar om dikta sine og karakterane, som han – tilsynelatande under litt tvil – presenterer passe innfult bakarst.

– Lasse Kolsrud vart inspirert av arketypane i songtekstane mine til å lage teaterstykke, og så vart eg inspirert av han igjen, forklarer diktdebutanten.

Stein Torleif Bjella syng om kjærleik og jordsjuke i diktdebuten «Jordsjukantologien». Foto: Gitte Johannessen / NTB / NPK

4.000 likes

Likevel: Ein del av dikta har allereie sett lyset – scenelyset, når Stein Torleif Bjella har brukt dei som såkalla spoken word mellom låtane på konsertar.

– Eg håper eg lærer noko av det å skrive dikt, at det er noko eg kan ta med meg inn i låtskrivinga – som å skrive meir opne tekstar, funderer låtskrivaren, som vart kalla «dei tause menns talsmann», noko han til og med skreiv ein låt om.

– Ein instrumental, smiler han skrått og underfundig og lèt til å vere oppriktig fascinert over at eitt av dei korthogne dikta som forlaget delte i forkant av sleppet, hadde fått over 4.000 «likes» på eit døgn.

– Nokre av desse må jo vere mannfolk, seier Bjella og myser mot Facebook-namna som ser ut til å vere mange poesiglade kvinner.

Ingen diktopplesingsplanar

– Skal du no ut i bokhandlar og litteraturhus som diktopplesar?

Da ler han i det veldige skjegget og seier:

– Det hadde eg ikkje tenkt å gjere!

I staden speler og syng han seg gjennom november og desember med bandet, noko han skildrar som «fantastisk», og røper at nye songar er undervegs.

– Da eg sende frå meg dikta til forlaget, var det songane som byrja å komme.

Det er eitt dikt i «Jordsjukantologien» som speglar Bjella sjølv, der han røper korleis familien hans hadde ei rettesnor i oppveksten: «Spoon River Antologien».

– Far min sa det han seier i diktet, at det som er sant for somme, er usant for andre, seier Stein Torleif Bjella.

(©NPK)