Unge dommarspirer: Ein bonus å få betalt for hobbyen sin

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka er henta med velvilje frå Ryfylke.net. 

Å vere mannen i svart på fotballbanen er aldri den mest takksame jobben. Gjennomfører dommaren ein prikkfri kamp, er det ikkje gitt at han får høyre det. Tar han på den andre sida feil avgjerder, kan du vere trygg på at spelarar, trenarar og publikum oftast er snare med å påpeike feilen.

Niandeklassingane Eivind Hustveit og Mathias Hystad Gudbrandsen starta i vinter å ta kurs for å bli rekruttdommarar i Rogaland fotballkrets. Det er nivået opp frå å vere klubbdommar.

Som klubbdommar dømmer ein i hovudsak kampar mellom aldersbestemte lag opp til og med tolvårsklassen. Frå 14-årsklassen og oppover er det kun godkjente rekrutteringsdommarar eller autoriserte dommarar som får dømme. I 13-årsklassen kan både klubb- og rekrutteringsdommarar dømme. Illustrasjon: Norges Fotballforbund.

Les også: Sogndal Fotball får Nynorsk næringslivspris 2018

Utfordrande på linja

Hustveit og Gudbrandsen blei godkjente rekrutteringsdommarar i vinter, og denne veka har dei dømt sine første seriekampar blant aldersbestemte lag. I vinter har dei fått prøve seg både i aldersbestemte kampar, men også som assistentdommarar i Sauda sitt A-lag sine treningskampar på heimebane.

– Det er litt rart å dømme folk som er eldre enn oss. Men det er litt kult også, og det er veldig kjekt å vere dommar, seier Gudbrandsen.

Det er litt rart å dømme folk som er eldre enn oss

– Eg prøvde først å vere klubbdommar, og eg syntest det var kjekt. Då fann eg ut at ja, kvifor ikkje prøve rekrutteringsdommar? Eg fekk med meg Mathias, og saman med Ronny Hauge tok me kurset i vinter. Me får litt pengar for å dømme også. Det er ein veldig kjekk bonus, for det er jo ikkje sjølvsagt at du skal få betalt for å gjere noko som uansett er ein hobby, forklarer Hustveit.

– Korleis har det vore å vere assistentar på A-lagskampar i vinter?

– Det var vanskeleg den første kampen. Då visste me kanskje ikkje heller heilt kva det gjekk i. Men den andre, tredje og fjerde kampen gjekk betre, då følte eg at me var meir inne i det, seier Hustveit.

– Det er nesten vanskelegare å vere linjedommar enn hovuddommar. Du må følge med på alt mogleg, og ofte skjer jo tinga på forskjellege plassar på banen. Til dømes på offsidesituasjonar, kor ballen ofte blir spelt frå ein plass som er langt vekke frå der offsidelinja går. Det synest eg er det vanskelegaste å ha kontroll på, seier Gudbrandsen.

Les også om Sogndal-spelaren Håvard (15) som er Årets fotballtalent: – Eg fekk heilt sjokk

Treng fleire dommarar i distrikta og fleire jenter

Vinterens A-lagskampar har vore nyttige erfaringar for duoen. Nå som seriespelet er i gang, er det dei aldersbestemte klassane 13-16 år dei siktar seg inn på å dømme i.

– Dei kan ikkje vere assistentdommarar for eigen klubb i teljande kampar for A-laget. Det går ikkje. Det er 13-16-årsklassane me anbefalar som optimalt for rekrutteringsdommarane. Sjølvsagt ikkje at dei skal dømme i eliteklassane frå starten av, for der går fotballen veldig fort, men at ein finn kampar på litt lågare nivå kor dei kan få erfaringar og bli kjent med dommarrutinar, seier Arve Fløysvik, leiar i NFF Rogaland sin dommarkomité.

Arve Fløysvik er leiar i NFF Rogaland sin dommarkomité. Foto: Camilla Lind, via Norges Fotballforbund

Dommarsjefen opplyser at NFF Rogaland i vinter hadde 40 personar som tok rekrutteringsdommarkurset.

– Målet vårt er at minst 75 prosent av dei held fram som dommarar. Tidlegare har me slite med å halde på 50 prosent av dei som tar kurset. Me treng absolutt fleire dommarar, og særleg fleire dommarar i distrikta og fleire jenter og damer, forklarer Fløysvik.

Les også om då Manchester United, som siste lag i Premier League, omsider søkte om å danne kvinnelag.

Streng og tydeleg

Ein kan tidlegast bli autorisert dommar det året ein blir 16 år. Hustveit og Gudbrandsen fortel at dei ser for seg å vere blant dei som ikkje faller frå.

– Me håper å få dømme på litt høgare nivå etter kvart. Det er jo vanskeleg, men det er kjekt også. Det er så mykje å hugse med alle reglane, korleis skal du vifte med flaget som linjedommar og mykje anna. Det er mykje som eg aldri før har tenkt på, seier Hustveit.

– Kva tenker de er viktigast for å vere gode dommarar?

– At du er tydeleg og står for avgjerdene du tar. Du kan aldri bli usikker, for då blir det umogleg å ta val. På kurset lærte dei oss at me skulle vere så strenge og tydelege som mogleg. Det trur eg er det viktigaste, meiner Gudbrandsen.

Er du klar over kor tett fotball og politikk kan henge saman? Les om «martyrpresidenten» i FC Barcelona og Real Madrid-presidenten som briska seg over å hærta Barcelona.

Frå El clasico i 2009. Foto: Alejandro Ramos, CC BY-SA 2.0-lisens