Sogndal Fotball får Nynorsk næringslivspris 2018
– Denne prisen er me utruleg glade for. Både nynorsk og sognemål er ein viktig del av vår identitet, sa Håvard Flo, sportssjef i Sogndal.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Når Sogndal Fotball gjennomført brukar nynorsk, gir det eit signal til både norsk toppfotball og andre om at nynorsk er eit heilt kurant skriftspråk på alle arenaer i Noreg, sa Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag, då Nynorsk næringslivspris vart delt ut i dag.
Sogndal Fotball ved sportssjef Håvard Flo tok imot prisen i samband med ein treningskamp i Sarpsborg.
– Denne prisen er me utruleg glade for. Både nynorsk og sognemål er ein viktig del av vår identitet, sa Håvard Flo, sportssjef i Sogndal.
– Utvidar området der folk møter nynorsk
For juryen har det vore ein føremon at Sogndal Fotball ikkje er ein heilt tradisjonell næringslivsaktør. I grunngjevinga skriv dei:
– Vi legg vekt på å gi prisen til firma som i praksis utvidar området der folk flest i dette landet møter nynorsken. Sogndal Fotball er eit slikt firma, ein fotballklubb som er stolte nynorskbrukarar.
Noregs Mållag har delt ut Nynorsk næringslivspris sidan 2006, og Sogndal Fotball er tiande i rekkja som får heideren. Magne Aasbrenn fortel at konkurransen blir hardare for kvart år.
– Nynorsken siglar i medvind i næringslivet, for det ser ut til at stadig fleire næringsdrivande nyttar nynorsk som marknadsføringsspråk.
I tillegg til Magne Aasbrenn sit Olin Johanne Henden, Arne Hjeltnes, Nina Berge Rudi og Øystein Skjæveland i juryen.
Tidlegare vinnarar av Nynorsk næringslivspris er mellom andre Kleven Maritime, Ægir Bryggeri, Dyrsku’n og Lerum.