Debatt
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Josep Sunyol på FC Barcelona-museet. Foto: Wikipedia

Josep Sunyol (1898-1936) var ikkje kven som helst i det katalanske samfunnet. Han blei fødd inn i ein av dei rikaste familiane i Catalonia og var parlamentsmedlem for Det katalanske republikanske venstre (ERC).

Avrettinga av Barça-presidenten 6. august 1936 gjorde eit kolossalt inntrykk i Catalonia då ho blei kjend. I FC Barcelona går Josep Sunyol under kallenamnet «martyrpresidenten».

1925 var året då politisk orienterte supporterar lét frustrasjonen over diktaturet til Miguel Primo de Rivera (1923-1930) finna utløp på FC Barcelona sitt fotballstadion Les Corts.

Josep Sunyol var ein av dei som blei aktivt medlem i klubben då dei spanske styresmaktene stengde Les Corts i fleire månader etter at publikum hadde bua unisont medan den spanske nasjonalsongen blei spelt før ein kamp.

Derimot applauderte det katalanske publikummet God Save the King, framført av eit gjestande korps frå British Royal Marines.

Eit symbol for den katalanske nasjonalrørsla

Klubbpresident Joan Gamper, som hadde skipa el Barҫa i 1899, blei skulda for katalansk nasjonalisme og tvinga til å forlata Catalonia. I denne konteksten bestemte Sunyol og andre katalanske aktivistar seg for også å bli aktive i fotballklubben dei støtta. Då var FC Barcelona alt blitt eit symbol for den katalanske nasjonalrørsla.

I 1918 hadde avisa La Veu de Catalunya utnemnd el Barҫa til Catalonia sin eigen klubb. Dagens hovudopponent Real Madrid fekk ikkje sin status før etter at borgarkrigen var over, det vil seia under Franco-diktaturet.

Diktatoren Francisco Franco heia på Real Madrid. Foto: Wikipedia

Under heile Franco-diktaturet (1939-1975) blei hovudstadsklubben assosiert med diktaturet, og Franco sjølv nytta kvart eit høve til å sola seg i glansen av klubben sine sigrar i Europa-cupen.

Real Madrid hadde rett nok ikkje einerett på politisk opportunisme under Franco-diktaturet. Idégrunnlaget for regimet gjennomsyra all idrett i landet. Frankistane sette alt inn på å få leiande posisjonar i alle dei viktige idrettslaga.

LES OGSÅ: Den gule fargen og slipset til kongen

Gullmedaljane til Franco

«Det er ei legende at Franco var imot Catalonia og imot FC Barcelona», hevdar somme som elles ikkje merkar seg ut for å vera spesielt vennleg innstilde korkje overfor Catalonia generelt eller FC Barcelona spesielt. Dei viser til at FC Barcelona skal ha gjeve gullmedaljar til Franco på 1970-talet, den første i 1971, den andre i høve FC Barcelona sitt 75 årsjubileum i 1974.

Som ved ein lagnadsironi skjedde denne siste overrekkinga like etter ein av dei store dagane i el Barça si historie: ti dagar etter at laget hadde slått Real Madrid 5-0, og det på sjølvaste Santiago Bernabéu stadion.

Den kontroversielle overgangen der Alfredo Di Stéfano byrja for Real Madrid i 1953, i staden for FC Barcelona, førte til sterkare rivalisering mellom klubbane. Foto: Wikipedia

Det var ikkje utan grunn at Franco-regimet i byrjinga av 1970-talet sette alt inn på å halda seg inne med FC Barcelona. Regimet ville ‒ i ei tid med massemobiliseringar til støtte for eit brot med diktaturet ‒ halda fast ved ideen om det einskaplege Spania. Til det trong ein òg el Barça, som for mange no stod fram som eit symbol på kampen for demokrati og endring.

Då 3000 medlemmer i el Barҫa i 2002 bad klubben om at medaljane måtte krevjast tilbakelevert, var konklusjonen at ein ikkje kunne trekka tilbake noko som ein var blitt trua til av eit diktatur og som dessutan ikkje var bokført i klubben sine protokollar. Det blei argumentert med at medaljane var blitt tildelte under tvang og at klubbleiarane ikkje hadde noko val.

LES OGSÅ: Den katalanske grasrota

Skaparevne

Ifølgje klubben sjølv tok FC Barcelona opp i seg ideane om modernitet som leiande katalanske grupper sette så høgt. Skaparevna i den katalanske kulturen finn ein att ikkje berre i kunst, men like mykje i næringsliv og politikk, for ikkje å snakka om FC Barcelona, denne klubben som i våre dagar er eit fotballens ikon, med sin estetisk vakre fotball og vektlegging av det kreative og det teknisk briljante.

Ein skal vinna med stil og ikkje berre vinna, slik vi er blitt pepra øyro fulle med gjennom mantraet «det viktigaste er å vinna».

El Barça spela ei aktiv rolle då den valde presidenten for den katalanske eksilregjeringa, Josep Tarradellas, kom attende til Barcelona i oktober 1977. Som medlem av klubben blei han teken imot på heimebana Camp Nou med helsinga Benvingut a casa, president! («Velkommen heim, president!»), alt medan det største katalanske flagget i historia ‒ 1000 kvatratmeter stort ‒ blei falda ut.

Slagordet til klubben «Meir enn ein klubb» på Camp Nou. Foto: JoJan, CC-lisens

Høgrisikokamp

Kjernen i slagordet frå 1968, «meir enn ein klubb», syner kva politisk atmosfære ein pusta i under den siste fasen av diktaturet. Ein kunne ikkje rett ut gje til kjenne kva som låg i mottoet, sjølv om alle ‒ ikkje berre i Catalonia, men stort sett i heile Spania ‒ visste at det refererte til den katalanske identiteten.

Denne identifiseringa går heilt attende til grunnleggjaren av klubben, Joan Gamper, som i 1908 fekk skrive inn i klubben sine vedtekter at den skulle vera ein institusjon i teneste for den katalanske nasjonen.

I dagens vedtekter kan ein i § 4 lesa at FC Barcelona skal « fremja og ta del i sosiale, kulturelle, kunstnariske og vitskaplege aktivitetar og fritidssyslar (…) for å halda ved like den graden av representativitet og offentleg prega engasjement som klubben har, som eit resultat av ein ubroten tradisjon med truskap til og i teneste for medlemmene, innbyggjarane og Catalonia».

FC Barcelona er så visst meir enn ein klubb, eit år etter den amputerte sjølvstendeerklæringa til Catalonia 27. oktober, som er dagen før klassikaren mot Real Madrid. I år er denne kampen kategorisert som ein høgrisikokamp.

GÅ TIL TEMASIDENE VÅRE FOR CATALONIA HER!

Johannes A. Nymark er pensjonert frå Noregs handelshøgskole, der han har forska, publisert og undervist i spansk språk og i spansk og latinamerikansk kultur, samfunn og historie. Han er forfattar av boka Draumen om Catalonia, utgjeve på Samlaget i 2015.

 

Frå El Clásico i 2009. Foto: Alejandro Ramos, CC BY-SA 2.0-lisens