Jakta på den gode hyttekjensla

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sosialantropologane Marianne Elisabeth Lien frå Universitetet i Oslo og Simone Abram frå Universitetet i Durham har i forskingsprosjektet «Materialiseringer av slektskap; livssykluser på norske hytter» undersøkt hytter, slektskap og familie her i landet. Prosjektet er finansiert av Noregs forskingsråd.

No har arbeidet blitt til boka «Hytta. Fire vegger rundt en drøm». Forskarane tek oss med på tur frå kyst til fjell i heile landet og lèt oss få komme inn i nokre av hyttene og møte brukarane.

Til alle som drøymer om ei hytte

Prosjektet tek føre seg alt det som ikkje kjem fram i dei glansa hyttemagasina. Vi får heller høyre om alt det som gjer hytter så verdifulle sjølv om taksten er låg og bruken er liten. (Bokomslag)

– Denne boka er til alle som har – eller har hatt – eit forhold til ei hytte. Men ho er også skriven til alle som drøymer om ei hytte, eller som prisar seg lykkeleg over å vere ferdig med hytter og alt det fører med seg, av ansvar, arbeid og uklare eigarforhold, seier forfattarane i føreordet.

Hyttefolket i boka fortel om alle sider ved hyttelivet, korleis familien brukar hytta, om uskrivne hyttereglar, korleis arveoppgjer vert organisert og mykje meir. Vi får vite kvifor hytter både samlar og splittar familiar.

– Vi har snakka med folk om kva hytta betyr for slekt og familie, og om minner og draumar. Vi har vore i hytter der «tida står stille», og hytter der nesten alt er nytt. Vi har besøkt oppussingsprosjekt, og stader der ròten arbeider i det skjulte. Vi har studert rar veggpynt, som ingen veit kva er, men som heller ingen vågar å kaste, og hyttebøker med formaningar frå avdøde til neste generasjon, seier Marianne Lien.

Les også reportasjen om dei mange hemmelege hyttene som bygde i skjul for folk flest: – Mange ligg på ein plass ein ikkje hadde forventa å finna ei hytte, sjølv om ein leita etter ho

Hytter er fulle av minner. Foto frå boka: Haakon Harriss

Hytteliv på godt og vondt

Antropologane har lagt vekt på å få med variasjon i både typar av hytter og eigarskap. Trass i at det er flest menn som eig hytter her i landet, er det ei overvekt av kvinner i materialet deira. Det kjem av at det var flest kvinner som ville vere med i prosjektet.

– Vi fekk enorm respons frå hyttefolk. Sjølv om vi gjekk inn i ein privat sfære hadde dei lyst å opne seg og fortelje si historie uansett om ho var god eller vond, seier Marianne Lien.

Det er i dag litt under ein halv million hytter i Noreg. I tillegg finst det over 30.000 heilårsbustader eller våningshus som vert brukte som fritidsbustader.

Over halvparten av hyttene er eigde av personar som er 60 år eller eldre, og dei fleste er eigde av folk som er gifte, får vi vite. Mange hytter er altså eigde av godt vaksne folk, medan dei truleg vert brukt mest av barn og barnebarn.

– Dei historiene vi har valt å fortelje her, viser ulike erfaringar ved hyttelivet. Det er forteljingar om typiske dilemma og familiekonstellasjonar som fleire kan kjenne seg att i, samtidig som vi set lys på nokre ibuande motsetningar knytt til hytter, slektskap og familie i Noreg i dag, seier Lien.

Det er mykje som må gjerast på ei hytte kvart år. Noko er kjekt, andre ting eit ork. Foto frå boka: Haakon Harriss

Les også om fotografen som har foreviga bedehus over heile landet: – Alle desse talarstolane som står rundt om i landet har vore med på å gjera Noreg til det det er

Arveproblematikk

Hytta inviterer til rekreasjon og kvile. Foto frå boka: Marianne E. Lien

Medan barndomsheimen ofte vert seld når foreldre døyr, blir hytta gjerne verande i familien. Kanskje var ho aldri meint å seljast, men blei bygd til etterkomarane.

– Men fordi dei fleste familiar har meir enn eitt barn, blir mange hytter nesten som ei «tikkande bombe» – ein stad for samhald i dag, og kanskje årsak til arvestrid i morgon. Før eller seinare må hytta overdragast til neste generasjon, og det er ingen garanti for ein mjuk overgang, seier Marianne Lien.

Det finst mange historier om hyttekranglar, får vi høyre.

– Det finst inga oppskrift på dette, men ein må snakke saman utan at det blir personangrep. Hytteoppgjer avdekkjer gjerne at søsken er ulike og at dei har delte meiningar om kva hytta skal vere i livet, og då må ein våge å møte desse forskjellane på ein klok måte, seier Lien.

Les også om Signe Fuglesteg Luksengard som har vendt kameralinsa mot heimplassen sin i fotoboka «Leveld»: – Eg har liksom alltid tenkt at eg skal ut, men at eg skal heimatt.

Ressursbruk

– Og mange arvingar blir overraska når dei tar over ansvaret for ei hytte, og oppdagar kor ofte det må gjerast vedlikehald av ulike slag. Og mange blir overraska over tida det tar. Viss to sommarveker blir brukt på hytta, kor mykje blir att til ferie etter at årleg vedlikehald er gjort? Hytta er ein livslang følgjesvein som må takast vare på for ikkje å forfalle, seier Marianne Lien.

Med tanke på arbeidstimar som vert lagt ned på ei hytte, blir det for mange ei ganske dyr investering, og truleg ikkje lønnsamt, målt i pengar.

– Eit enkelt reknestykke ville nok ofte vist at det er billigare å leige hytte enn å eige, spesielt om ein er i andre halvdel av livet. Men få hytteeigarar er opptatt av slike samanlikningar, ifølgje Lien.

Foto frå boka: Haakon Harriss

Typisk norsk

Det norske hyttelivet handlar også om nasjonal tilhøyring. Mange ser på hytta si som noko typisk norsk og vil at lokale og nasjonale handverkstradisjonar skal komme til uttrykk i feriebustaden, slik som rosemåla ting, torvtak, treskjering eller tekstilar. Også livet utandørs vert av mange assosiert med ein typisk norsk livsstil, enten det er skitur, fiske eller bærplukking.

Det norske hyttekonseptet er ikkje lett å forklare for utlendingar.

Les også reportasjen om det som var typisk norsk fram til slutten av 1800-talet: Landsbyliknande klyngetun. 

Hytter er skapt for å vare. Medan barndomsheimen vanlegvis forsvinn når foreldre døyr, blir hytta ofte verande i familien.
Foto frå boka: Haakon Harriss