Bedehus-fotograf jaktar talarstolar

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg har leita etter ein måte å fortelja historia om felleshusa våre på med eit stramt fotografisk blikk, seier Erlend Berge.

Nyleg har han halde ei rekkje føredrag og utstillingar om det førre fotoprosjektet sitt. Arbeidet med å portrettera bedehus i Noreg førte Berge ut på ein om lag 16.000 kilometer lang turné i bubil. Han besøkte alle fylka i Noreg og dokumenterte ein kulturskatt som er i ferd med å bli borte. Resultatet blei ei fotoboka «Sjå, eg kjem snart!».

Opphøgde og symboltunge

Fotograf Erlend Berge har dokumentert bedehus i heile landet. Det har blitt til boka Sjå, eg kjem snart!
Foto: Bjørn Ivar Voll / NPK

Denne gongen vil han fotografera talarstolar, den opphøgde staden talaren står på i større forsamlingar. Ideen kom i arbeidet med bedehusland-prosjektet, fortel fotografen.

– Eg har fotografert ganske mange talarstolar og eg har blitt fasinert av kva dei talarstolane representerer, og kva dei blir i eit rom når det ikkje er folk til stades, fortel Berge.

Han meiner ein einsam talarstol står der som ein person, som eit subjekt, som representerer ordet, ytringsfridomen, demokratiet og nasjonsbygginga.

– Det har blitt bygt talarstolar for å formidla eit bodskap. Alle desse talarstolane som står rundt om i landet har vore med på å gjera Noreg til det det er, seier Berge.

Til prosjektet «Norges talerstoler» har han fått støtte frå stiftinga Fritt Ord og Kulturrådet.

Sjå også bileta av dei hemmelege hyttene rundt om i norske skogar.

På talarstoljakt

Berge er heilt i starten på prosjektet. Han har tatt eit par bilde, men leitar etter forsamlingshus som kan ha ein talarstol med ei historie. Han har mellom anna eit autosøk på finn.no på «talarstol».

– Eg er spent på kva eg kjem til å finna. Det er det som er spanande med slike prosjekt at du kan komma deg på vegen og byrja å leita og finna ting du ikkje visste fanst. Eg trur mange av desse husa er litt gløymde. For å finna dei så treng ein jo tips frå folk, seier Berge.

Det er det som er spanande med slike prosjekt at du kan komma deg på vegen og byrja å leita og finna ting du ikkje visste fanst

Prosjektet er definert som ei fotoforteljing om nasjonsbygging, ytringsfridom og demokrati, og fotografen innrømmer at det kan høyrast stort ut. For å illustrera tek han fram mobilen og viser eit bilde. Det viser ein liten, stram talarstol som står einsam i eit slite lokale. På veggen bak heng eit bilde av store norske forfattarar.

– Eg trur ikkje nødvendigvis eg skal sjå etter dei openberre talarstolane, som den på Stortinget, men heller dei gløymde, dei rare og slitne som ein gong har hatt ein sentral plass i forteljinga om Noreg, forklarer Berge.

Les også: Årets fredsprisfotograf viser kroppen som slagmark

Portrett av ein talarstol

Berge fortel at han vil ta bilde av talarstolen som om det var eit portrett av ein person og at rommet fortel like mykje som talarstolen. Han er tydleg på at det er eit fotografisk prosjekt. Det skal ikkje representera noko som helst, det er ikkje eit historieverk eller eit leksikon.

– Det er ein fotograf si reise i talarstol-landet Noreg, seier Berge, som er interessert i alle type talarstolar.

– Det treng ikkje vera i forsamlingshus. Alt som er overraskande, rart og som kan vekkja ei viss nysgjerrigheit er interessant, seier fotografen.

Talarstolen i Forfatternes hus blei seld på finn.no i samband med at Forfatterforeningen, Dramatikerforbundet, Norske Barne- og Ungdomsbokforfattere, Oversetterforeningen og Kritikerlaget skal flytta. Talarstolen har stått i rådssalen i over 50 år, opplyste annonsa. Foto: Erlend Berge

Han ser for seg å fotografera ein del talarstolar på 1. mai og 17. mai, pynta med norske flag og bjørkeris.

– Det kan til dømes vera heimesnikra talarstolar på traktortilhengarar eller pallar. Alt som fortel historia om det offentlege ordskiftet, seier fotografen.

Les også om Signe Fuglesteg Luksengard som har vendt kameralinsa mot heimplassen sin i fotoboka «Leveld»: – Eg har liksom alltid tenkt at eg skal ut, men at eg skal heimatt.

Ordskiftet har flytta seg

For mange av desse talarstolane har ei sterk historie, meiner Berge.

– Dei fortel ein del om Noreg. I dag skjer mykje av ordskiftet og debatten på sosiale medium, og det er ikkje like ofte folk samlast i eit rom og reiser seg opp bak ein talarstol og formildar noko, og ser folk i auga når du seier det.

Han understrekar at det ikkje er slik at talarstolane forsvinn, men dei har ein annan posisjon og historia til talarstolane er ikkje fortalt på denne måten tidlegare.

Dei fortel ein del om Noreg.

– Dei blei gjerne bygde for å formidla eit bodskap og det var gjerne synleg på talarstolen i teikn eller ord. Talarstolane kan ha høyrt til organisasjonar som ikkje har same posisjon i dag, men som ein gong var store og formande for korleis Noreg har blitt, seier Berge og nemner avhaldsrørsla, nynorskrørsla, arbeidarrørsla og ulike typar losjar i by og grend.

Desse byane og grendene vil Berge besøka. Han ser for seg ein ny fototurné, men denne gongen fordelt over nokre år. Berge har inga hast med å fullføra.

– Eg har lyst å halda i dette fotoprosjektet ei stund og sjå kva det kan bli, seier han.

Talarstolen på Levang bedehus i Portør. Bedehuset blir pussa opp av forfattar Simen Tveitereid og er tenkt brukt som eit forsamlingshus. Foto: Erlend Berge / @norgestalerstoler