50 år med oljeboring i Noreg

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Oljehistorikarar er ikkje samde om eitt felles startpunkt for det norske oljeeventyret. Men den første leiteboringa for nøyaktig 50 år sidan var ein viktig milepåle.

Det var Esso som om morgonen 19. juli 1966 blei det første selskapet som bora etter olje på norsk sokkel. På 94 meters djup sette den amerikanske boreriggen «Ocean Traveler» borekrona ned i den første leitebrønnen på norsk sokkel.

– Esso var dermed først ute blant dei ni oljeselskapa som hadde fått tildelingar i den første konsesjonsrunden året før. Her blei det delt ut 22 lisensar. Interessa var størst for områda som låg lengst sør i Nordsjøen, seier seniorforskar Kristin Øye Gjerde ved Norsk Oljemuseum til NTB.

Bora tørt
Pionerriggen brukte 52 dagar frå Avondale Shipyards i New Orleans til Stavanger i det som blei karakterisert som den største og mest komplekse slepeoperasjonen over Atlanterhavet fram til då.

Den første leiteboringa 160 kilometer sør for Stavanger blei avslutta i oktober 1966 utan resultat. Men i neste forsøk blei det funne spor av hydrokarbonar – det aller først teiknet på at det kunne finnast olje og gass på norsk sokkel.

LES OGSÅ: Steilar etter opning av nye oljefelt

Gigantfunn
Det store svaret kom endå lenger sør og tre år seinare. Hausten 1969 trefte Phillips blink med dei to siste konsesjonspliktige boringane sine på norsk sokkel og fann Ekofisk-feltet. Norske styresmakter blei ikkje orienterte før veslejulaftan, og det skulle gå endå eit halvt år før det gigantiske Ekofisk-funnet blei stadfesta i ei pressemelding 2. juni 1970.

Forandra Noreg
Interesseorganisasjonen Norsk olje og gass ser på 19. juli som den offisielle 50-årsdagen for olje- og gassverksemda på norsk sokkel. Administrerande direktør Karl Eirik Schjøtt-Pedersen karakteriserer det som starten på det moderne Noreg.

– Dette har vore 50 år som fullstendig har forandra Noreg. Olja har gjeve oss det økonomiske grunnlaget for å vera eitt av dei rikaste landa i verda, seier Schjøtt-Pedersen til NTB. (©NPK)

LES OGSÅ: Lågare interesse for oljeleiting