Neste år kan du opna for olje- og gassutvinning i Lofoten og Vesterålen

Nynorsk Pressekontor
Publisert
Oppdatert 26.11.2018 08:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tor Egil Braadland har utvikla brettspelet «Offshore» det spelarane konkurrerer om å henta opp olje og gass frå norsk sokkel. Foto: Bjørn Ivar Voll / NPK

– Dei som er ekstra oljetilhengarar, skal endeleg få moglegheita til å byggja ut Lofoten og Vesterålen, seier Thor Egil Braadland med eit lurt smil.

Etter 14 år med tenking og utvikling, gir han folk moglegheita til å vinna ut olje og gass i dei norske havområda. Spelet kjem 50 år etter at det blei funne olje og gass på norsk sokkel.

– Eg har alltid vore oppteken av oljeindustrien og teknologien som blir brukt der. Og så har eg ei veldig stor interesse for brettspel sjølv, seier Braadland.

Han jobbar til dagleg som politisk rådgjevar i Norges Automobilforbund (NAF), er utdanna samfunnsgeograf og har jobba på Stortinget for Sosialistisk Venstreparti (SV) i tolv år. I tillegg er han brettspelentusiast. Heime i hylla står beviset på det – omkring 500 brettspel.

Les om «The Campaign for North Africa» – brettspelet som varar i over 100 timar

Fjernt frå folk flest

Med tanke på korleis oljeverksemda og -rikdomen har påverka Noreg er det i grunnen rart at eit slikt spel ikkje er laga før, synest brettspelskaparen. Braadland meiner grunnen er at folk ikkje er medvitne om det som skjer i petroleumsindustrien.

– Eg trur oljeverksemda er fjern for folk fordi mykje av det skjer til havs. Folk kjenner kanskje folk som jobbar der og sånn, men dei har ikkje eit nært forhold til plattformene og produksjonen, seier han medan han flyttar rundt på små, fargerike plattformer i plast.

Det har blitt lansert oljebrettspel i Noreg tidlegare. Det har vore monopol-liknande terningkastspel der terningkast avgjer korleis ein gjer det i spelet.

– «Offshore» er ikkje eit slikt spel. Det er eit ordentleg strategispel. Det er mogleg å gjera feil, og du må ta avgjerder sjølv om det er uvisse. Desse vala påverkar korleis ein gjer det i spelet, fortel Braadland.

Spelet kjem først til neste år, men for at spelforlaget Aporta Games skulle trykka det opp, måtte skaparen først selja minst 300 eksemplar på førehand. Det har Braadland klart, og vel så det. Derfor er det ei pilotutgåve han har bretta ut på bordet framfor seg. På nyåret skal den endelege varianten teiknast. Målet er at spelet skal vera klart til jubileumsåret 2019–50 år etter Ekofiskfunnet.

Les også: I 2016 var det 50 år sidan leitinga starta på norsk sokkel

Ekofisk plattformen i Nordsjøen. Ekofiskfeltet blei oppdaga i 1969, og prøveproduksjonen på feltet starta opp i 1971.
Foto: Carina Johansen / NTB scanpix / NPK

Starten på oljeeventyret

Det norske oljeeventyret starta med Ekofisk i 1969. To år etter starta produksjonen på feltet. Då er det naturleg at alle spelarane også startar på nettopp Ekofisk. Kvar spelar er eit oljeselskap som skal bygga ut Nordsjøen og Barentshavet med plattformer. Spelarane er avhengige av å velja rett teknologi.

– Det er viktig fordi teknologien set deg i stand til å kunne bygga nye plattformer seinare på stadig meir krevjande felt, forklarer Braadland.

Teknologien blir stadig meir avansert, og spelet følgjer oljehistoria gjennom tre fasar.

– Du startar med Ekofisk, Statfjord, Ula, Vallhall, som er tidlege felt. Deretter har du fase to som kjem litt seinare med Heidrun, Troll, Snøkvit og Oseberg. Og så kjem ein til dei nyaste felta, som Johan Castberg, Åsgård, Lofoten, Vesterålen og Sverdrup, seier Braadland.

LoVe i spel

Nokre av desse felta er ikkje bygde ut, og nokre blir kanskje aldri opna for olje- og gassverksemd. Eit døme er felta utanfor Lofoten og Vesterålen, gjerne forkorta LoVe.

– Eg har litt erfaring frå politikken, og mykje av oljepolitikken har vore brennbare politiske spørsmål. Så eg har vore opptatt av at det ikkje skal reflektera den eine eller andre sida. Det skal ikkje vera eit politisk korrekt spel, understrekar Braadland.

For oljehistoria er full av vanskelege politiske spørsmål som til dømes gasskraftverk, striden om oljeboring i nord og kva tempo det skulle vera på utvinninga.

– Spelet er laga for å følgja oljehistoria, men det er ikkje veldig sekvensielt på den måten at du må spela deg gjennom ei løype som du går opp att igjen og igjen.

Brettspelet «Offshore» er under utvikling og kjem ut i 2019. Foto: Bjørn Ivar Voll / NPK

Underhaldning og læring

Oljeindustrien har drive fram teknologiutvikling og endringar i den offentlege forvaltninga. I 2017 var 170.200 direkte eller indirekte sysselsette i petroleumssektoren i Noreg, viser tal frå Statistisk sentralbyrå.

Spelet vil spegla denne utviklinga. Spelarane må velja om dei vil få utbetalt pengar eller bruka dei på ny teknologi.

– Det er eit forsøk på å gjera det så realistisk som mogleg, og eg trur det vil vera veldig attkjenneleg for dei som har hatt ein fot i oljeverksemda.

Til dømes finst condeep-plattforma, som er teknologien brukt på Ekofisk og Statfjord. Og Nordsjødykkarar gir god inntening i starten, men gir minuspoeng til slutt i spelet.

Bevisstgjering av rolle

Sjølv om mange i «oljå» vil kjenna seg igjen, treng du ikkje vera døypt i olje for å ha glede av spelet, meiner Braadland.

– Det er eit spel for dei som gjerne speler Ticket to Ride (spel for jernbaneutbygging). Dette er hakket meir avansert, men ikkje vanskelegare enn at ein familie kan lesa reglane og spela, seier han.

Med «Offshore» ønsker Braadland også at folk skal læra meir om industrien som er ein dominerande faktor i norsk økonomi, og som i dag er den største næringa i Noreg målt i verdiskaping, statlege inntekter, investeringar og eksportverdi.

– Eg trur at viss du spør den gjengse nordmann i dag om å plassera Statfjord, Ormen Lange eller Troll, så trur eg ikkje dei kan det. Du kan læra litt om kvar oljefelta ligg. Og så er det ei sterk bevisstgjering av kor viktig teknologien har vore for utviklinga av norsk olje- og gassverksemd.