Stadig fleire tenesteleverandørar reklamerer med at produkta dei sel er klimakompensert, slik at du kan ha god samvit når du handlar hos dei, fortel NRK.
Klimakompensasjon inneber at du betaler pengar inn til internasjonalt godkjente prosjekt som reduserer utsleppa tilsvarande det som din aktivitet fører til.
Klimaforskar Glen Peters i Cicero meiner derimot at klimakompensasjon berre er billig pynt meint for at vi skal få eit betre klimasamvit.
– Uansett korleis du reknar på det, så vil jo ikkje utsleppa gå ned når du flyr. I beste fall bidrar klimakompensasjon berre til litt betre konkurransevilkår for fornybar energi, seier Peters til NRK.
Les også: Nå kan du kjøpa deg god samvit til 49,– i månaden
Ei avsporing
Det einaste som hjelper viss vi vil redusere utsleppa er å la vere å fly, forklarer Glen Peters.
– Målet med klimatiltak er å få utsleppa ned til null og så til slutt negative. Det skjer ikkje med klimakompensasjon, og dermed blir dette ei avsporing, meiner Peters.
Forsking publisert i Nature viser at luftfarten snart er den aller største kjøparen av klimakompensasjon.
Studien konkluderer også med at dette ikkje vil føre til reduserte utslepp, fordi dei aller fleste fornybarprosjekta ville skjedd utan støtta frå luftfarten og andre som klimakompenserer utsleppa sine.
