Her streikar elevane i dag og dette er krava
I dag står skulepultar tomme over heile landet. Elevane står heller framfor Storting, rådhus og kommunehus frå nord til sør. No skal ikkje politikarane lenger ignorere uroa og krava deira.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Førre veke streika det elevar i alle verdshjørner. Ifølgje Fridays for future streika kring 1,3 millionar elevar i over 120 land: Frå Bangladesh til Antarktis.
Også i dag melder Fridays for future at elevar i 68 land skal ta til gatene for å uttrykke si misnøye med klimainnsatsen til myndigheitene. Det er venta at mellom 15 og 20 000 norske skuleelevar skal delta, og det er varsla streik over 70 stadar rundt om i landet.
Elevane krev endring
Klima- og miljøminister Ola Elvestuen (V) kjem til å møte dei streikande elevane klokka 10 for å få overlevert hovudkrava om at:
- Kutte 65 prosent av norske utslepp innan 2030 (samanlikna med 2005-nivå)
- 65 milliardar årleg til klimafinansiering i u-land
- Ingen fleire oljefelt
Samstundes har dei streikane eigne krav til sine lokalpolitikarar. I Oslo vert hovudkrava supplert med krav om å kutte 55 prosent av norske utslepp innan 2030 (samanlikna med 2004-nivå), og å vie 65 milliardar kroner årleg til klimafinansiering i u-land.
Kreftene bak streiken på nasjonalt nivå er Natur og Ungdom, Grøn Ungdom, medlem av Miljøagentane og nokre enkeltindivid. Samstundes har alle ungdomsparti uttrykt støtte til streiken, med unntak av Framstegspartiets Ungdom som har som sitt motto: «Vil du redde kloden, ver på skolen».
Her streikar elevar i dag (kartet var sist oppdatert torsdag kveld, fleire kan ha kome til):
«Sov som Erna – stå opp for klima»
Ei rekkje ungdomar har også tjuvstarta streiken. KFUK-KFUM og Changemaker inviterte til overnatting utanfor Stortinget natt til fredag.
Endå det eigentleg ikkje er lov til å sove i offentlege parkområder i hovudstaden, så har organisasjonane hatt tett dialog med politiet og skriv på Facebook at «når politikarane søv på Stortinget må vi få lov til å slumre litt i Spikersuppa».
Torsdag var det mellom 160 og 200 ungdomar påmelde, som alle var klare med soveposar og varme klede til natta, og på programmet stod både kakao, bollar, appellar og musikkinnslag.
Fredag står dei streikande opp med sola for å overlevere sine krav til stortingspolitikarane som er på veg til jobb.
Streikar du for klimaet i dag? Send Framtida.no bilete av parolen din på tips @ framtida.no, eller bruk emneknaggen #skulestreikforframtida på sosiale media.