I samiske fotefar ut i verda: Frå Asia til Amerika

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Dette er kanskje ein bråkjekk tittel, men eg håpar den kan bli oppfatta som ein sakleg replikk til historieskrivinga som tradisjonelt har nasjonalstatar som ramme. Eg har følgt spora etter samar som reiste ut. Nokre reiste veldig langt. Der gøymde dei seg ikkje akkurat bort, seier forfattar Hugo Lauritz Jenssen.

Han har samla den samiske verdshistoria i bokform og fortel om korleis eit arktisk urfolk erobra verda, kolliderte med rasismen og blanda blod med kapitalismen.

Hugo Lauritz Jenssen har leita i historia etter samar som drog ut i den store verda. Foto: Kari Hamre / NPK. Collage.

Samar lét seg vise fram på verdsutstillingar og i dyrehagar. Interessa frå folk var enorm, og samane blei flittig brukt i den globale reklameindustrien. Men det var også samar som blei misjonærar i Asia og emigrerte til Amerika. Som ekspertar på overleving i ekstremt vêrharde område var det også nokre som blei polarheltar.

Har du kontroll på samisk? I denne kvissen lyt dei små grå bryne seg på både nord-, sør- og lulesamiske gloser. 

Ein gøymd kultur

Per-Jon Savio og Ole Johnsen Must i Kirkenes før avreise med Borchgrevinks sødpolsekspedisjon i 1898. Foto frå boka: Ellisif Rannveig Wessel/Grenselandmuseet/Digitalt Museum

Hugo Lauritz Jenssen vaks opp i Mo i Rana på 60-talet. Lite visste han då at heimstaden frå gammalt av hadde vore eit sentralt punkt i den samiske geografien og at samane utgjorde fleirtalet av befolkninga. Men den samiske kulturen var blitt usynleg. Forsvinninga var blant anna hjelpt av statsideologiske krefter og ein sterk politisk vilje til å utslette samisk språk, kultur og identitet.

– Då eg gjekk på skulen, kjente eg éin gut med samisk slekt. Eg såg sjeldan nokon i samekofte då eg var liten. Eg kan heller ikkje hugse at eg høyrde nokon snakke samisk i bygda. Då eg blei vaksen, undra det meg kvar dei var blitt av. Det var eit mysterium. Kimen til denne boka ligg gøymd her, trur eg, seier Jenssen.

For samane hadde sjølvsagt ikkje blitt borte.

– Dei var der framleis. Eg forstod etter kvart at dei var skulekameratar, naboar, arbeidskollegaer. Men som samar hadde dei gått under jorda. Det samiske var blitt pakka bort, fortel Jenssen.

Ein tråd i dette bokprosjektet har altså startpunkt i hans eiga heimbygd.

Les også om søstrene Elle Márjá og Mai-Lis Eira som har laga film om kraftutbygging og reindrift: Med filmen «Samene har rett» vil reindriftssystrene visa stoda i dag

Kjelder frå 1700-talet

Skriftspor etter samar på langtur dukkar først opp i England på 1700-talet. To samekvinner frå Jokkmokk var dei første. Dei vart tekne med som suvenirar av adelsmannen sir Henry Georg Liddell og blir fortalt om i fleire britiske publikasjonar.

Dei samiske jentene Sigrid og Anna blei i 1786 ført som levande souvenirar frå Sverige til Newcastle. Dei var truleg dei første samane på engelsk jord. Illustrasjon frå boka av Thomas Bewick i 1789.

Men truleg hadde samar tidleg reist innover i det enorme russiske riket og sikkert vore med på tidlege tokt over Atlanterhavet. Sjøsamar var flinke båtbyggjarar. Og dei hadde også ferdast langt sørover i Europa.

– Sidan dei sjølv mangla ein skriftkultur, er mykje kunnskap om kvar og når dei reiste ut, særleg før utbreiinga av trykkjekunsten, godt gøymd i historietåka. Men ein god del har også blitt skrive ned, fortel Jenssen. Han har vore gjennom eit stort kjeldemateriale frå heile verda i bokarbeidet.

Les også intervjuet med Dáavet Bruun-Solbakk: Han er i ein generasjon der mange i vaksen alder finn ut at dei er samiske. 

Utstillings- og reklameobjekt

Esso-reklame frå Der Spiegel i 1963.
Annonse frå boka

Ein annan brite som såg det eksotiske i samar, var William Bullock som dreiv museum i London på 1820-talet. Ein samefamilie frå Røros med levande reinsdyr blei ein spektakulær sensasjon i museet hans. Utstillinga var motivert av utsikt til store inntekter – og dette blei starten på noko nytt. Interessa for urfolk eksploderte, og blei til eit globalt fenomen i kryssinga mellom underhaldning og opplysning.

Fleire hundre samar og endå fleire reinsdyr blei stilt ut i Europa og USA frå 1822 og langt inn på første halvdel av 1900-talet. Desse reisene ut i verda blei individuelle oppdagingsferder for dei fleste. Dei baud på spenning så vel som keisemd, arbeid og fritid, utnytting og lønn.

– Utstillingane skapte ei form for flukt for enkeltpersonar og familiar i ei tid prega av kollektiv undertrykking og ufridom, seier Jenssen.

Bruk av det samiske i reklame skjedde samtidig med den store utstillingsaktiviteten. Reklamen gav menneske over store deler av verda eit rikt tilfang av mikrokunnskap om dette urfolket, enten det blei reklamert for sjokolade, buljong, kaffi, tyggis, sigarettar eller vaskepulver.

Samane blei tidleg avbilda både på postkort og på handels- og reklamekort. Foto frå boka.

Les også intervju med Viktoria Langmo Petersen, som tok på seg kufta då ho stilte i den første rettssaka i Noreg der ein mann vart dømt for samehets.

Misjonering, forsking og emigrering

Edvard Masoni frå Rana reiste både til Kina og USA og blei sjølve omgrepet på den internasjonale, bokkunnige og reisevande samen. Han kom til Kina i 1898 og starta misjonærstasjon. Seinare utdanna han seg til lege ved det private metodistuniversitetet i Saint Paul i Minnesota. Så blei det eit nytt opphald i Kina som både lege og misjonær.

To samar i ein iscenesett brytekamp i København i 1890. Foto frå boka: Harald Cohen

Polarheltane blei ein ny kategori mytologiserte overmenneske, og dei som la ut på vågale polarekspedisjonar ville gjerne ha med seg samar. Dette naturfolket beherska dei ekstreme forholda i Arktis og i Antarktis betre enn dei fleste. Dei smartaste ekspedisjonsleiarane forstod at den samiske kulturen var ei svært verdifull kunnskapskjelde.

Samar som utvandra til Amerika på 1800- og 1900-talet rømte frå eit hardt assimileringstrykk. Dei første samiske nybyggjarane kom til Michigan i 1864.

Ifølgje folketeljinga i USA i 2007 var det berre 945 personar som rekna seg som samar. Det reelle talet kan vere opp mot 60.000. Mange av dei samiske forfedrane heldt den samiske arven skjult i det nye landet.

– Eg har lært på denne bokreisa kor seig den underliggjande rasismen har vore. Det går ein tråd gjennom boka om korleis samar blei plassert inn i ei rasehistorie av vitskapsfolk som var på ville vegar. Men historia har heldigvis utvikla seg i ei fornuftig retning. Samar har gått frå å vere undertrykte og usynlege til å bli synlege og stolte, seier forfattar Hugo Lauritz Jenssen.

Samar i The Lappland Village på verdsutstillinga i Chicago i 1893. Denne verdsutstillinga var den første der samer
var ein del av det offisielle programmet. Foto frå boka: Ukjent fotograf.