Vekas musikktips: Frå ein skjult by:larm-skatt til ein håplaus romantikar

Jon Olav Sandal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vekas nykomar

Moyka – Colder 

Artisten Moyka må ein absolutt kunne kalle for ein nykomar, men ho høyrest over hovudet ikkje ut som ein.

Eg hadde gleda av å oppdage ho, litt tilfeldig, i forbindelse med årets by:Larm. Sidan det å lese om alle artistane på festivalen er alt for tidkrevjande, bestemte eg i utgangspunktet ruta mi på by:larm etter kva band eg likte på den offisielle Spotify-lista. Der var ikkje Moyka, for ho hadde enno ikkje gitt ut musikk. Heldigvis var det noko som fekk meg til å klikke på namnet hennar i programmet. Der var ein link til ein demo på soundcloud og den overbeviste meg.

Kanskje er det eit bevis på at god musikk alltid vil vinne fram?

Eg må presisere at det var berre ho eg oppdaga på denne måten. Kanskje var det skjebnen, eller kanskje var det tilfeldig. Ho sto i alle fall for årets beste konsert på by:Larm. Dødsbra.

For eit fullsatt Rockefeller leverte ho eit energifult show som kunne gi assosiasjonar til både Susanne Sundfør, Robyn og Røyksopp. Nordisk elektronisk pop der altså.

Korleis ho klarer å fylle eit Rockefeller utan å ha gitt ut noko, er for meg litt mystisk. Kanskje er det eit bevis på at god musikk alltid vil vinne fram?

Låten «Colder» kom omsider ut fredag 8. mars: 

Om du lurer på kva anna Jon Olav fekk med seg på by:larm, så frykt ei. Her kan du lese om første dag, andre dag, og siste dag

Vekas gæmlis

Jeff Buckley – Lover, you should’ve come over

Jeff Buckley er nok mest kjend for sin elleville cover av den kjende songen «Hallelujah» av Leonard Cohen. Kanskje einaste cover av den songen som ikkje er for pompøs, spør du meg. Men Buckley har også mange perler som nok er ukjende for folk flest. Blant anna låta «Lover, you should’ve come over».

Ei vakker kjærleikslåt om eit forhold som ikkje har gått heilt etter planen. Det høyrest ut som ein mann som har skjønt at han har drite seg ut. Han har hatt personen som han så sårt treng, men så har han ikkje klart å halde grepet om henne. Til slutt sit han der, vel klar over kva som har skjedd, men hjelpelaus for å få denne personen tilbake. Ein håplaus romantikar med ein typisk sjølvdestruktiv veremåte.

Ein håplaus romantikar med ein typisk sjølvdestruktiv veremåte.

Artisten er ein av mange artistar som dessverre har gått vekk alt for tidleg. I ein alder av 30 år mista han livet i ei tragisk drukningsulukke. Ingen narkotika var involvert og det skjedde ikkje på den måten ein kanskje tenker når ein ung musikar går vekk. Det gjer det også kanskje meir meiningslaust.

Det hadde vore fint å høyre kva denne mannen kunne utretta om han hadde fått leve nokre tiår til. For evnene til å utrette endå fleire store ting er der. Udiskutabelt.

Ei sjeldan bra stemme og svært gode ferdigheiter på gitaren gjer han til ein av dei verkeleg store artistane som har gått på jordas overflate dei siste hundre åra.

Vekas spådom

Hkeem – Fy faen

Likar eg låta kjempegodt? Tja. Kjem den til å bli huska i mange tiår? Ja.

Om ein likar denne låta eller ikkje, så er den utvilsamt ein såkalla banger. Eit irriterande fengande refreng som brenn seg fast. Det at han bruker eit banneord som «hook» i songen gjer at ein hugsar låta betre også. Ikkje at det er grensesprengande å bruke banneord i ein poplåt no om dagen, men måten det blir gjort på gjer at ein legg ekstra merke til det.

Eit irriterande fengande refreng som brenn seg fast

Kva gjeld Hkeem vil eg også anbefale alle å sjekke ut låta «Ghettoparasitt». Ei kjempelåt med ei veldig aktuelt tema.

Mitt første møte med denne låta var under showet til Spellemannsprisen i 2018. Eit augeblikk som, i likskap med då Terje Winterstø Røthing frå Kaizers og Skambankt helte øl over Plumbovokalisten, trer inn i rekke blant dei mest minneverdige Spellemanns-augeblikka.

Elise Wiig (18) frå Drammen vidaregåande meiner at også «Despacito» er ein kandidat til den tvilsame æra irriterande banger: «Eg meiner vi må helt tilbake til svartedauden for å finne ein liknande landeplage».