Lurer du på kva du skal få med deg på finaledagen av årets by:Larm? Her deler Jon Olav Sandal sine tips.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Då var det tid for by:Larm igjen. Vinterens største Oslofestival. Eit titals konsertar kvar halvtime rundt om i heile Oslo. Her er det berre å ta på seg godskorne.
Er du som meg, så er du langt på etterskot med å skaffe deg oversikt over kven som spelar kvar og når. Det freistar å gi opp leitinga og berre følge straumen. Men det kan vere verdt å gjere litt research på førehand. På den måten kan du unngå å gå glipp av perlene mellom alle dei omsnakka artistane som stel all merksemd i forkant.
Eg har laga nokre personlege notat som du kan bruke, eller ikkje. Det er heilt opp til deg.
Men, bruk den eller ikkje, så sjekk ut artistane uansett. Der er mykje bra musikk å hente!
Laurdag
Dette blir den tyngste dagen. Et godt, drikk godt og ta det rolig fram til konsertstart.
I dag er det torgfest i tillegg til by:Larm. Det betyr tidlegare konsertstart og enda meir bra musikk.
15:00 – Drango @ Dr. Martens
Det kule bandet du høyrde på Verkstedet den gongen.
Spis lunsj.
17:00 – Soft Punch @ Konrad – Folkets hus
Kult på Sørveiv. Vil sjå ein gong til.
18:00 – Kplr @ People’s
Fått tips om at det er litt inspirert av Thom Yorke. Du likar jo han.
Et litt middag og stikk bort mot Grünerløkka
19:30 – Ora the Molecule @ Parkteateret
Litt spesielt, men trur det kan vere ganske kult.
20:30 – Bendik Giske @ Blå
Dette må du få med deg. Instrumental saksofon-musikk.
Spring mot sentrum
21:00 – Otha @ John Dee
SUNNMØRING!! Kul musikk.
21:30 – Sval @ Rockefeller
Gå opp i hovudsalen og få med deg den tidlegare barnestjerna.
22:00 – Askjell @ John Dee
Ned igjen og sjekk ut den populære Bergens-produsenten. Jobba med blant anna Aurora og Kjartan Lauritzen.
22:30 – Girl in Red @ Rockefeller
Etter dette kan du velge å stikke på festen til Sebastian Zalo på Påfuglen. Det blir livlig.
Om du vil ha meir av by:Larm:
23:00 – Pen Gutt @ Kulturkirken Jakob
Sjekk ut dette på veg mot Blå
23:30 – Brenn. @ Blå
Dette blir bra. Sjukt bra energi på dei. Rock.
00:00 – Konradsen @ Kulturkirken Jakob
Sjå desse igjen? Om du treng ei pause – heng i baren utanfor. Matbit?
Resten av kvelden kan du eigentleg gjer det som passer seg.
Kanskje Gundelach kan vere gøy 01:00 i Kulturkirken Jakob.
Søndag
Flat fullstendig ut. Sjå på TV. Steik ein grandis. Du har forhåpentlegvis kome deg heilskinna gjennom helga.