Tilbodet er retta mot barn, unge og vaksne med spesielle behov og som treng ein trygg arena.
Personar som deltek på «Ut på vidda»-tilboda får delta på praktiske oppgåver, fysisk aktivitet, gode opplevingar i naturen, måltid, få kontakt med dyr og blir ein del av eit fellesskap, melder Landbruks- og matdepartementet.
Tilleggsnæring for reindrifta
– «Ut på vidda» er eit verdifullt tilbod for personar som har ulike utfordringar, og er ein stor ressurs for kommunane, seier landbruks- og matminister Olaug Bollestad i pressemeldinga.
Ho legg til at det er ei god tilleggsnæring for reindrifta.
Fylkesmannen i Troms og Finnmark melder om at mange ønsker å tilby lærings- og omsorgstenester i reindrifta. Tilbodet dekker Finnmark, Troms, Nordland og Trøndelag.
«Ut på vidda» vart testa som eit treårig prøveprosjekt, og vart leia av Fylkesmannen i Troms og Finnmark. Prosjektet blir finansiert over reindriftsavtalen.
