NU jublar over gruvedumping-nei frå Vestland Ap

Vestland Ap går imot sjødeponi i Førdefjorden, men vil framleis ha konsekvensutgreiing av oljeleiting i LoVeSe.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 05.03.2019 15:03

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Denne helga heldt Vestland Ap sitt første årsmøte som fylke. Det nye fylkeslaget vedtok med 78 mot 69 stemmer å gå i mot gruvedeponi i Førdefjorden.

Les også: 10 av 15 fylkeslag i Ap vil avlysa LoVeSe

NU: – Eit framtidsretta vedtak

I ei pressemelding gratulerer Natur og Ungdom-leiar Gaute Eiterjord Vestland Ap med det han kallar eit framtidsretta vedtak.

– Dumping av 250 millionar tonn gruveslam i ein nasjonal laksefjord høyrer ikkje til i 2019. Noreg er eitt av berre fem land i verda som har gruver som får dumpe slammet sitt i sjøen, Eiterjord.

Han siktar til selskapet Nordic Mining som har fått tillating til å dumpe 250 millioner tonn gruveavfall i Førdefjorden, trass i advarslar frå Fiskeridirektoratet og Havforskningsinstiuttet.

Les meir: Då Ola Elvestuen (V) vart ny miljøminister ville han ikkje trekkja utsleppsløyvet til Nordic Mining ved Førdefjorden. Natur og Ungdom lovar vidare kamp.

Vestland AUF: – Kunnskap er makt

Vestland Ap vil vurdere utsleppstillatinga som er gitt til dumping i Førdefjorden på nytt, stille krav om full utnytting av massar frå alle gruveprosjekt, innføre avgift på massar og ikkje gje løyve til fleire søknadar om dumping av gruveavfall.

Natur og Ungdom rosar særleg AUF i Hordaland og Sogn og Fjordane, samt Førde og Bergen Arbeidarparti som har stått på for Førdefjorden.

Leiar i Vestland AUF, Leonora Hjelle, forklarar til NRK korleis ungdomspartiet har vunne fram med si sak:

– Vi har jobba hardt i lang tid med å skulere ungdomspolitikarar og spisse argumentasjonen vår. Kunnskap er makt, og no har vi vunne fram med synet vårt, seier ho til NRK Sogn og Fjordane.

Les meir: På berre eit døgn har 400 fleire sagt at dei vil vere med å aksjonere sivilt ulydig mot gruvedrift i Kvalsund, der regjeringa har gitt løyve til å dumpe avfall i Repparfjord.