Natur og Ungdom med klart krav til Venstre: – Ikkje svikt Førdefjorden

Runar Bjørkvik Mæland
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– No må Venstre visa at dei ikkje har heldt oss for narr

– Venstre er nøydt til å stå på krava om ingen dumping i Førdefjorden og Repparfjord. Viss ikkje har dei null truverde som miljøparti. No må Venstre visa at dei ikkje har heldt oss for narr, seier Gaute Eiterjord.

Aktivistar frå Natur og Ungdom var i dag på plass og rasla med lenkene då den nye, blågrøne regjeringa vart presentert på slottsplassen i Oslo. Der møtte dei mellom andre klima- og miljøminister Ola Elvestuen frå Venstre, som i Klassekampen i dag stadfestar at han ikkje vil stansa det planlagde sjødeponiet for gruveavfall i Førdefjorden:

– Me er blitt samde om at det ikkje skal koma nye deponi i regjeringsperioden. Men for deponiet i Førdefjorden, står løyvet fast, seier Elvestuen til avisa.

I regjeringsplattforma til Høgre, Frp og Venstre står det at det ikkje skal gjevast nye løyve til dumping av gruveavfall i sjø, og at ein skal greie ut eit forbod mot dette. Men løyvet Nordic Mining har fått til deponera inntil 250 millionar tonn med avfall frå ei planlagd rutilgruve på Engebøfjellet, blir altså ikkje trekt tilbake.

– Kampen er ikkje over

Det rimer dårleg med kva Venstre har sagt før, meiner Gaute Eiterjord, som viser til kva Venstre-leiar Trine Skei Grande sa på sommarleiren til Natur og Ungdom ved Førdefjorden i 2015:

– Dette er en av de viktigste miljøsakene vi har ved siden av klimakampen. Man skal aldri, aldri, aldri gi seg i så viktige saker.

https://www.facebook.com/gaute.eiterjord/videos/10215552762680529/
Sjølv om Nordic Mining har fått utsleppsløyve, har dei framleis ikkje fått driftskonsesjonen dei treng til å starta gruvedrifta. Natur og Ungdom meiner dette viser at kampen framleis ikkje er over:

– Det er framleis mogleg for regjeringa å nekte gruveselskapa driftskonsesjon fram til dei legg fram andre planar kor ingen fjordar skal leggast daude. Denne moglegheita har Venstre og den er dei nøydde til å bruka, seier Eiterjord.

– Alt er ikkje på plass

Også Tore Storehaug, miljøpolitisk talsperson for KrF på Stortinget, trur det framleis kan vera håp om å få stansa sjødeponiet.

Tidlegare i år gjekk han ut med krav om omkamp om Førdefjorden, etter at det var blitt klart at gruvedrifta vil skapa færre arbeidsplassar over ein kortare tidsperiode enn det som først var lova.

– Eg merkar meg Elvestuen si klargjering om utsleppsløyve. Likevel er ikkje alt på plass for prosjektet, og eg er spent på korleis ein ny statsråd vurderer løyva som endå ikkje er gitt når vi veit at føresetnadane har endra seg mykje, seier Storehaug – som sjølv har vakse opp på Askvoll ved Førdefjorden.