Klimaendringane set Noregs beredskap på prøve

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

«Året som satte oss på prøve» er tittelen på Røde Kors’ hendingsrapport for 2018. Organisasjonen deltok i over 1.700 aksjonar og slår fast at klimarelaterte hendingar i stadig større grad pregar Røde Kors’ arbeid i Noreg.

I dei to månadane i fjor var det mellom anna ei firedobling av talet på skredhendingar der menneske var involverte samanlikna med same periode året før. I 2018 braut det òg ut dobbelt så mange skogbrannar som året før.

Trenden har halde fram så langt inn i 2019, der fleire område har vore prega av stor snøskredfare og uføreseielege vêrendringar.

– 2018 har vist oss at klimaendringar utfordrar den lokale beredskapen og våre frivillige i Noreg på ein ny måte. Beredskapen blir sett på prøve, seier president i Røde Kors, Robert Mood.

Minister for samfunnstryggleik Ingvil Smines Tybring-Gjedde (Frp) seier regjeringa heila tida jobbar med å sørge for at beredskapen er god nok i møte med klimaendringane. Ho seier dei også vurderer tiltak for å styrke dei frivillige organisasjonane. Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix / NPK

Må klimatilpasse

I lys av utviklinga meiner organisasjonen at regjering og lokale styresmakter må ta ein grundig titt på beredskapen i Noreg og sørge for at den er tilpassa ein vêr- og klimamessig meir uføreseieleg kvardag.

Samfunnstryggingsminister Ingvil Smines Tybring-Gjedde (Frp) gir Røde Kors medhald.

– Vi kan aldri seie oss fornøgde og slå fast at beredskapen er god nok. Det er heilt avgjerande at ein skor seg etter endringane i vêr og klima og dei effektane det har. Både samfunnet og vêret er i endring, og begge dei tinga gjer at ein heile vegen må vere på alerten og tenke nytt, seier ho til NTB.

– Det viktigaste er at vi bruker ressursane våre på mest mogleg optimal måte. Vi har tett dialog med Røde Kors og alle dei andre aktørane i beredskapsfamilien om kva for tiltak som bør setjast inn, fortset ho.

Les også: På dette klimastudiet har 60 prosent av studentane fått relevant jobb

Ein lavinehund frå Norske Redningshunder (avdeling Hordaland) grev i eit snøskred på Finse under ei øving i området. Foto: Heiko Junge / NTB scanpix / NPK

Ber om pengar

Sidan klimarelaterte hendingar legg beslag på stadig meir av ressursane til dei frivillige organisasjonane, etterlyser Røde Kors fleire konkrete tiltak både lokalt og nasjonalt. Eitt av krava er betydeleg større offentlege investeringar i dei frivillige rednings- og beredskapsorganisasjonane.

Tybring-Gjedde lovar å vere lydhøyr.

– Vi finansierer jo allereie delar av dette, men vi skal sjå på kva dei ønsker og korleis vi skal løyse det. Dei frivillige er ein ekstremt viktig del av beredskapen, som eg er veldig stolt av både som statsråd og nordmann, seier ho.

Eit anna forslag frå Røde Kors er å gi kommunane insentiv til å auke frekvensen og deltakinga i beredskapsøvingar, til dømes gjennom ein sentral pott som kommunar kan søke middel frå.

– Vi skal sjå på dette også i ei meir heilskapleg vurdering, men det er eit godt forslag. Øvingar er viktig, og det er ein klar styrke at dei som blir kalla ut til hendingar faktisk har gjort liknande ting tidlegare, seier Tybring-Gjedde.

Les også: Klimaendringane kan få dramatiske følgjer for Svalbards befolkning

Folkeopplysning

Eit anna hovudfunn i Røde Kors-rapporten er at mange ikkje lyttar til råd og oppfordringar frå styresmaktene i ekstreme situasjonar. Sommaren 2018 var det eksempelvis mange som ikkje lytta til bålforbodet då skogbrannane stod på.

Ei undersøking Respons Analyse har gjennomført på vegner av Røde Kors viser dessutan at fire av ti ikkje møter forventningane styresmaktene har til generell eigenberedskap, sjølv om same undersøking viser at nordmenn ventar fleire uføresette hendingar og kriser i tida framover.

Dette, kombinert med dei mange skredulykkene og redningsaksjonane, understrekar at det er eit stort behov for folkeopplysning i personleg beredskap og sikkerheit, meiner Røde Kors.

I fjor sommar var det ekstremvarme og rekordmange skogbrannar, mellom anna ved Røysåsen i Moss. Foto: Tor Aage Hansen / NTB scanpix / NPK