Likestilling i revers?


Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Som småbarnsfar har eg fylgd med på debatten om endringane i reglane for foreldrepermisjon. Dette er eit minefelt av såkalla sterke kjensler, så ein må vakte seg vel for å generalisere og tråkke nokon på tærne. Men på generelt grunnlag vil eg likevel seia: Hadde eg vore i lag med ei av desse damene som argumenterer for at dei må få vera mykje meir heime med borna sine enn det mannen får, ville eg ha teke livet av meg.

Det er mange moment i denne diskusjonen som har irritert meg, men la meg byrja med det mest grunnleggjande: alt snakket om «mammaer» og «pappaer». Eg skal ærleg innrømme at eg brukte å seia «mamma» og «pappa» som liten gut, men heldigvis hadde eg ei farmor som fekk innprenta i meg at det på norsk heiter «mor» og «far». At foreldre skriv barnespråk, er eitt av mange symptom på ein familiekultur der borna er altfor altoppslukande. I så stor grad skal dei dillast og dullast med, at foreldra ikkje eingong hugsar å slå om til eit normalt språk i kommunikasjon med vaksne. Men her er eg på veg inn i emnet barneoppseding, ei hengjemyr av fallgruver, så eg vil nøye meg med å fastslå fylgjande: Born toler meir enn ein trur. Dei toler iallfall veldig godt å oppdage at det er skilnad på vaksne og born, og at dei vaksne kan ha andre interesser i livet enn nettopp borna sine.

Men altså, det eg eigentleg skulle skrive om: kvinner. Gjennom heile ungdommen var eg redd for dei. På den eine sida visste eg at eg var meir eller mindre heterofil, og at eg på sikt ville få lyst til å finne meg ei slags kvinne. Men dette vart alltid førelagt meg som noko særs skremmande. Eg måtte nemleg vera veldig klar over dét, sa alle, at kvinner i dag ikkje er som mormora di! Dei står ikkje og kokar kleppsuppe med den eine handa, vaskar golv med den andre og skifter bleier med den tridje! Nei, alt det der må du som mann gjera sjølv, medan kvinna er ute og realiserer sitt enorme potensiale. Ei ganske radikal ei som eg studerte i lag med, gav meg mange svevnlause netter då ho endåtil spurde: «Kvifor er det berre kvinner som skal amme?!» Stilt ovanfor slike krav, korleis skulle eg kunne unngå eit liv i einsemd, eg som knapt makta å koke ein potet, langt mindre vatne ein blome?

Alt det der må du som mann gjera sjølv, medan kvinna er ute og realiserer sitt enorme potensiale

Men eg tilpassa meg. Eg klaga ikkje heller, for eg veit jo at det opp gjennom tusenåra alltid er kvinner som har måtta tilpasse seg menn, og riktig nok har dei alltid klaga, men dei har tilpassa seg. Eg lærde meg å koke både potet og ris, å støvsuge overflatisk og setja på ein 40-gradars klesvask. Det bar frukter, for eg møtte på ei flott dame, og venta tolmodig til ho bad om eit kyss. På eitt tidspunkt vurderte eg å fri til henne, men eg tenkte at dét kanskje vart litt vel patriarkalsk, så eg venta heller til ho gjorde det. Bryllaupet har riktig nok ikkje gått av stabelen enno, fordi eg ventar på at ho skal kjøpe brudekjole til meg. Men poenget er: Eg har funne meg vel til rette i rolla som ein mjuk mann.  Eg er sjeleglad for at eg har ein sambuar i full jobb, med ei rekkje andre interesser enn å sitja heime og tvihalde på barnet vårt, som no har vorte halvtanna år. Eg oppmodar henne til å koma seg langt pokker ut av huset. Det gjer meg verkeleg ingenting å vera åleine med barnet, og «mammaen» har sjølv erklært, i godt humør, at eg er minst like viktig som henne som omsorgsperson. Sjølvsagt ligg det egoistiske motiv i botn her: Viss mor til dømes er bortreist ei helg, vil det bli lettare for meg å gå på byen etc. helga etter. Men dette skulle eg eigentleg halde for meg sjølv.

Apropos alkohol, Erna Solberg må ha vore full då ho sa dei famøse orda i nyttårstala si, om at norske damer føder for fåe born. Ho har laga seg eit storarbeid, for no kan jo Gud og kvarkvinne krevja av henne at ho støttar ukritisk oppunder folks einfaldige forplantingstrong. Personleg meiner eg, som småbarnsfar, at politikarane ikkje må stikke for mange sylvskeier i munnen på korkje foreldre eller born. Folk får ikkje ungar for å hjelpe den norske velferdsstaten opp og fram, dei gjer det for si eiga skuld, og då må dei òg akseptere at det har sin pris: Kanskje må ein trappe ned på karriereambisjonane, kanskje må ein plagast med dårleg samvit for ungar som sikkert har det heilt forferdeleg i barnehagen. Å snakke om at det blir fødd for fåe born i Noreg, samstundes som ein utviser flyktningfamiliar der ungane allereie snakkar perfekt norsk, er mildt sagt underleg.

Eg har funne meg vel til rette i rolla som ein mjuk mann

Men no ser eg altså i media at det er eit «opprør» på gang mot den nye regelen som tvingar barnefaren til å vera heime med barnet i minst 15 veker, i motsetnad til 10 som det før var. At barnet skal få desse vekene til å bli kjent med far sin, er altså meir enn einskilde mødrer kan tole. Det er mangt ved sitjande regjerings politikk eg synst det kan vera verd å gjera opprør mot, men dette er absolutt ikkje éi av dei sakene. Frå meiningsmotstandarane mine – stort sett kvinner – kjem ein haug med argument som stort sett alle tek utgangspunkt i at mor er ein viktigare omsorgsperson enn far, og at kvinnene så å seia «fortener» meir permisjon fordi dei har hatt den store fysiske og emosjonelle påkjenninga med å vera gravide. Det er ingen tvil om at dei gjer ein flott innsats på dette omkvervet, og ei passande løn for strevet må då vera å få koma seg ut av huset og treffe andre menneske, heller enn å sitja inne og amme seg halvt i hel. Jamvel eit ørlite barn greier fint å drikke mjølk av ei flaske, og får barnet livsvarige psykiske skadar av dette, må det ha vore svært skrøpeleg i utgangspunktet.

No veit eg at ein risikerer å bli halshoggen for å meine noko som helst om korleis andre bør leva, så eg vil avslutte der eg byrja, i mitt eige liv. Per dags dato er sambuaren min altså ei fornuftig kvinne, men folk kan forandre seg. Viss ho plutseleg skulle finne på å gjera ei reise hundre år bakover i tid, inn i ein forhistorisk sjelstilstand der kvinnestoltheita igjen ligg i å smøre matpakka mi før eg går på jobb, vil eg ha sikra rettane mine som ein moderne, mjuk mann: Ho skal ikkje få loppe meg for ein einaste nanosekund av farspermisjonen min. Eg skal ha mine 15 veker – minst!

Les fleire meiningsinnlegg her. Har du noko på hjartet? Skriv det ned, og send det til
tips@ framtida.no.