Det er ikkje fedrane sin feil at dei ikkje tar ut pappaperm. Det er regjeringa.


Publisert
Oppdatert 20.04.2023 11:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

1 av 4 fedrar tar berre ut den fastsette pappakvoten på 10 veker. Sjølv om mange menn ynskjer å bruke meir tid heime med barna. Kvifor er det sånn?

Eg meiner det er direkte kopla til det norske mannsidealet. Men det er ikkje mennene me skal vera skuffa over, som Erna Solberg  sa i ein debatt på VGTV måndag. Det er regjeringa som skuffar.

I 2014 reduserte den blå-blå regjeringa fedrekvoten frå 14 til 10 veker. Det førte til ei drastisk redusering av fedrar som tok ut meir permisjon enn det fedrekvoten tilsett. I løpet av dei tre første kvartala i 2015 tok 34 prosent menn ut meir enn 10 veker permisjon. To år etter fedrekvoten blei innsnevra var det berre 12 prosent som tok ut meir enn 10 veker.

Sjølv om likestillinga i Noreg har kome langt, er ikkje kampen ferdig kjempa. Forventingane til far som forsørgjar og mor som omsørgjar luskar i bakgrunnen som Donald Trump bak Hillary Clinton på president-debattane; hakk i hæl og med eit ynskje om å øydeleggje.

Hierarki av maskulinitet

At færre fedrar tar ut pappaperm etter fedrekvoten blei snevra inn tyder på at arbeid og forsørgjing står sentralt i den norske hegemoniske maskuliniteten.

Han etablerer seg sjølv med å sette seg opp mot alle andre som ikkje er som han.

Hegemonisk maskulinitet er ein teori om at ulike måtar å vera mann på er betre enn andre. Kultur og tid avgjer kva for nokon eigenskaper ein mann må ha for å vera best. Når han har det, får han også maktg autoritet.

Den norske, hegemoniske maskuliniteten kan på mange måtar samanliknast med den amerikanske. Maskulinitetsforskaren Michael Kimmel kallar han Marknadsmannen.

Marknadsmannen samlar rikdom, status og makt frå sin suksess i den kapitalistiske marknaden. Han er sjeldan heime, og gir seg hen til den mannsdominerte arbeidsplassen. Marknadsmannen krev bevis og stadfesting på sin suksess, og etablerer seg sjølv med å sette seg opp mot alle andre som ikkje er som han.  Det vil sei kvinner, ikkje-kvite menn og homofile.

Problematisk med pappaperm

Fedrar i Noreg som ønsker å ta foreldrepermisjon blir møtt av ei ytre forventning om å innta rolla som Marknadsmannen.

Til ein rapport som blei publisert i januar i år blei tolv fedrar med rett til pappaperm spurt om kvifor dei ikkje nytta seg av ordninga. Dei sa at det var uproblematisk å ta ut permisjon på papiret, men at det kom fram mellom linjene at dei kunne risikere å miste prosjekt, roller, løn og kanskje til og med stillinga dersom dei gjorde det.

Fleire fortalte om uttalte forventingar frå både leiarar og kollegar om at dei ikkje skulle ta særleg lang permisjon. Dersom dei likevel skulle nytta seg av ordninga var det venta at dei skulle vera lett tilgjengeleg.

Systematisk diskriminert

Uavhengig av rase, klasse, alder, etnisitet og seksuell legning betyr det å vera mann å ikkje vera kvinne. Å stadfeste sin maskulinitet inneberer difor å halde seg vekke frå det som tradisjonelt sett blir oppfatta som feminint. Det inkluderer å ta hand om hus og barn. Men kvifor skal det ha så mykje å seie om ein mann gjer kvinnearbeid?

Likestilling skjer ikkje av seg sjølve.

Den norske mannsforskaren Øystein Gulvåg Holter meiner det kan bli sett på som eit nederlag for menn å gå inn i heimens sfære. Kvinnekampen vil ha kvinnene ut av heimen og inn på arbeidsmarknaden, som er ein klassereise som gir oppdrift. Kampen om likestilling for menn i heimen derimot, bryt med den tradisjonelle rangordninga mellom lønnsarbeid og omsorgsarbeid. Menn opplever ei reise som går bakover.

For at menns reise inn i heimen ikkje skal vera eit nederlag, må feministane fortsetje med å kjempe sin kamp om å heve verdien av det som tradisjonelt er antatt å vera kvinneleg. Maskulinitetens hierarkiske posisjon over det feminine diskriminerer også menn.

Likestilling skjer ikkje av seg sjølv. For å få bukt med tradisjonelle kjønnsroller må regjeringa føre ein politikk som seier at det er heilt greit at menn tar på seg sokalla kvinnearbeid.

Fedrekvoten er ein måte å gjere det på.