NRK med ny sakte-TV-satsing: «Svalbard minutt for minutt» 

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Dette blir eit kjekt prosjekt! Vi har drøymt om det sidan vi gjorde «Hurtigruten minutt for minutt» i 2011, fortel prosjektleiar Thomas Hellum i NRK.

I august reiser han og eit NRK-team på 25 personar til Longyearbyen for å lage sakte-TV-programmet «Svalbard minutt for minutt»

Tidlegare denne månaden kom Svalbard-rapporten, som slår fast at klimaendringane kan få dramatiske følgjer for Svalbards befolkning. Den globale oppvarminga kjem til å gi stadig meir nedbør, fleire skred, flaumar og tinande permafrost på Svalbard, seier leiande norske forskarar.

Ny hurtigrutetur

Hurtigruten er i dag det største ekspedisjonscruise-reiarlaget i verda, og den største reiselivsaktøren både på Svalbard og i Arktis.

– Dette kjem til å bli spektakulært! Svalbard er ein heil unik stad i verdssamanheng, og svært spesielt for oss i Hurtigruten. Vi veit kor fantastisk naturen og dyrelivet er på Svalbard. No gler vi oss til å kunne dele opplevinga med heile Noreg – minutt for minutt, seier kommunikasjonssjef Rune Thomas Ege i Hurtigruten til NTB.

Samarbeidet med Hurtigruten er ikkje tilfeldig. I 2011 produserte NRK og det norske reiarlaget 134 timars direktesendt TV frå Hurtigrutens tur langs norskekysten.

Les også: Sju ting du ikkje visste om Svalbard

Kjem på tv februar 2020

No skal den nye ni døgn lange sendinga ta både NRK-teamet, mannskapet og resten av gjestene på eit ekspedisjonscruise som går frå Longyearbyen, rundt heile Svalbard og tilbake til Longyearbyen. Sendinga vil vare i rundt 13.000 minutt, og kjem på TV i februar 2020.

Les vår klimareportasje: – Svalbard er ein varsellampe for kva som kan komme til å skje

Adventfjorden på Svalbard frys ikkje lenger til om vinteren. Foto: Bente Kjøllesdal