Arne Magnar (65) laga vise om rap, fis og ski

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Kyra som har vore vår beste ven, er no vorte vår verste fiende. Det synest eg er noko til ettertanke, seier Arne Magnar Høyland.

65-åringen frå Eidsnes i Hordaland er ein ivrig hobbypoet og Youtubar. Nyleg la han ut visa Fis, rap og ski, som har eit noko djupare innhald enn tittelen kanskje skulle tilsei.

Med rim og lått vil pensjonisten peika på korleis me tidlegare har levd i harmoni med naturen, men no skuldar på kyrne for klimaendringane:

«Dei fiska i sjøen, både torsk og sei og sild

og kyrne fekk fisa og rapa så mykje dei vil

men no er dei vorten syndebukk for fisen og rapet sitt

så no meinar nokon at kyrne må me verta kvitt

men då gløyme dei at dei som fis og rapa mest

er bilar og fly og liknande dyr og ikkje minst folk flest»

Høyr låta og les heile teksta på Youtube!

Frå ku-rap til Svindal

Høyland vil at lyttaren skal reflektera over korleis vår ressursbruk og korleis «mykje er snudd på hovudet i forhold til dei lange linjene i levemåten vår».

– I dag er det vorte eit problem at kyr fis og rapar. Det er noko til ettertanke at det er utruleg endringar som har skjedd og når me leitar etter kva som er problemet, er det ikkje andre aktørar som oss menneske, seier 65-åringen.

Han trekk parallellen frå ku-rap til Noregs store skihelt Aksel Lund Svindal, som nyleg la karrieren på hylla.

– Ski er veldig gamalt og noko av dei første transportmiddel me har hatt. Det vert litt privatfilosofering, men eg har kome fram til at eit av hovudproblema er utviklinga av teknologien som bryt med den naturlege farta til mennesket. Forureininga kjem i kjølvatnet av nye transportmiddel som bryt med vår naturlege fart. Skia illustrerer dette fordi det var gjerne den raskaste farta ein kunne oppnå før motoren kom, seier Høyland.

Les også: Forskarar varslar mindre snø i framtida

Forsiktig, ung optimisme

65-åringen medgjev at han er noko pessimistisk med tanke på utviklinga dersom forbrukskulturen ikkje endrar seg.

– Folk flest hadde hatt godt av å sjå samanhengen mellom det ein haustar i landskapet og korleis det kan foredlast til livsviktige produkt, trur 65-åringen.

Han har òg merka seg ungdomsopprøret for klima som skaut fart etter at Greta Thunberg (15) starta skulestreik for klimaet.

– Det er bra at dei unge kjem på banen, men dei er ganske hjelpelause i det tunge maskineriet som heiter forteneste, profitt og forretning, så det er ikkje lett å vera veldig optimistisk, avsluttar Høyland.

«Kyrne må få rapa og fisa»

I enden på visa er det likevel meir optimisme å spora:

«Å rapa og fisa og stå på ski er ein gamal kunst i Noregs land

da gjeld både kvinna og mann

at kyrne må få rapa og fisa så mykje dei vil, det er berre greitt

slik at me kan får både smør og ein mjølkeskvett.»

Les også: Klimaendringane kan få dramatiske følgjer for Svalbards befolkning