Noreg og Russland saman for reinare Barentshav

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det vart klima- og miljøminister Ola Elvestuen (V) og den russiske kollegaen hans Dmitrij Kobylkin einige om på eit møte i den norsk-russiske miljøvernkommisjonen i Moskva 19. februar.

Dei to landa skal dele erfaringar og auke kunnskapen om kjeldene til søppel og mikroplast som hamnar i det store havområdet i nord, og om kva som kan vere effektive tiltak.

Denne saka frå NUPI Skule forklarer forskjellen mellom mikroplast og plast, og korleis det endar opp i havet.

Treårig satsing

– Vi har lang erfaring med samarbeid med Russland om heilskapleg havforvaltning og forvaltning av fiskeressursane i Barentshavet. Derfor er det veldig bra at dei to landa våre no får til ei felles satsing mot plastforsøpling i dette havområdet, seier Elvestuen.

Regjeringa har sett av 15 millionar kroner over ein treårsperiode til satsinga. Delar av desse pengane skal lysast ut som prosjektmidlar til forsking og organisasjonar.

Noreg arbeider elles aktivt med marin forsøpling i både Arktisk råd og gjennom FNs miljøforsamling UNEA. Elvestuen seier det er viktig at samarbeidet blir innretta slik at Noreg og Russland saman kan bidra til dei internasjonale tiltaka på dette området.

Les også: Forskar: Noreg er eit fangstnett for plastavfall