Forslag om færre norskkarakterar får gehør i regjeringspartia
Det er for mange karakterar i norskfaget. Det er sentrale politikarar i regjeringspartia einige om og fleire støttar eit forslag om å slå nokre av dei saman.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Forslaget vil gagne gutar som oftare strevar med språkfag, men gjer det betre i matte, som berre gir éin karakter på vitnemålet.
– Mange gutar lir av at dei får tre standpunktkarakterar i norsk, fordelt på norsk skriftleg, norsk munnleg og sidemål. Medrekna eksamen kan dei få opptil seks karakterar i norsk. Det svarer til ein firedel av karakterpoenga, seier Høgres Turid Kristensen, som sit i utdanningskomiteen på Stortinget, til VG.
Ho foreslår å slå saman karakterane i hovud- og sidemål.
Les også: Sidemålssiger på Unge Venstre sitt landsmøte
Uroa for sidemålet
Venstres Guri Melby er einig i at det er for mange norskkarakterar, og er open for å sjå på endringar, men både ho og Hans Fredrik Grøvan i KrF er bekymra for at det skal gå ut over sidemålet.
– Eg vil ikkje avvise å gjere noko med karakterane i norskfaget. Samtidig er vi oppteken av å ikkje svekkje stillinga til sidemålet i norskfaget, seier Hans Fredrik Grøvan i KrF.
Også Roy Steffensen i Frp seier han vil sjå nærare på forslaget. Partiet hans ønsker å gjere sidemålsundervisninga frivillig.
Stoltenberg-utvalet anbefaler å vekte karakterane
Stoltenberg-utvalet, som har sett på kjønnsskilnader i skulen, påpeika i rapporten sin at jentene har ein fordel når dei skal søke på vidaregåande skule, fordi dei gjer det betre enn gutar i språkfag.
Utvalet omtaler ei løysing med berre éin karakter i kvart fag, men anbefaler heller å vekte karakterane på vitnemålet etter timetal. Ei slik løysing vil jamne ut kjønnsskilnadene med åtte prosent, ifølgje utvalsleiar Camilla Stoltenberg.
Les også om konklusjonane frå Stoltenberg-utvalet sin rapport: Vil løfte gutane med utforskande skuleår, fleksibel start og heildagsskule