Synne Grimen Hammervoll skriv om kvifor ho kjende seg att i NRK si historie om Mats «Ibelin».
mm

Teksta var først publisert på bloggen til Nynorsk avissenter.

I slutten av januar skreiv NRK om Mats, og foreldra som ikkje forstod kva gaminga betydde for han. Ikkje før han døydde og vener frå heile verda kom i gravferda. Saka er den best lesne nettsaka til NRK nokosinne, og skal omsetjast til engelsk for BBC. Det er ein grunn til at den treffer folk så godt.

Den treffer fordi mange kjenner seg igjen, anten det er i Mats eller foreldra. Anten det gjeld gaming, eller andre måtar å møte folk over nettet på. Saka treffer fordi mange veit at sjølv om avstandane er store, har verda blitt ufatteleg lita.

Sjølv kjente eg meg igjen i Mats. Eg har aldri drive med gaming, men eg var del av eit nettsamfunn for skriveglad ungdom. Der trefte eg andre som delte mi interesse på ein måte eg ikkje gjorde i kvardagen. Nokre av dei fekk eg møte i verkelegheita.

I dag har eg vener overalt. Nokre i heimbygd og omland. Fleire i Bergen, i Oslo og resten av Austlandet. Eg har vener på Lesja, i Trondheim, i England og Frankrike. Dei er berre tastetrykk unna. Dei lever på Snapchat, Instagram og i Messenger.

Det finst eldre som klagar over dagens unge som berre sit på mobilen og ikkje er sosiale. Som ikkje ser at der, i hendene deira, held dei handa til ei veninne som har det vanskeleg. Som skriv at alt vil gå bra, at dei er der for henne, at ho berre må ringe.

Eller kanskje dei vinkar til ein gamal ven. Spør korleis det går. Seier lenge sidan sist. Kanskje er det berre ei melding med «Er på bussen. Ser deg snart».

Eller kanskje dei les om Mats og venene hans. Og tenkjer: kor fint er det ikkje at vi har denne moglegheita? At eg kan følge med på livet til nokon på andre sida av verda. At det har blitt så lett å halde kontakten med gamle kjente. At menneske kan knyte band på tvers av mil og landegrenser, gjennom skjermar som får plass i lomma. For så lita er verda.

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE