Unge er mest positive til OL i Noreg

Nynorsk Pressekontor
Publisert
Oppdatert 18.02.2019 08:02

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I dag er det nøyaktig 25 år sidan OL-elden vart tent på Lillehammer.

Ei ny meiningsmåling, som er utført av Norstat for riksringkastaren, viser at nordmenn er delte i synet på i kva grad vi bør arrangere eit nytt OL.

36 prosent svarar at dei er positive til eit nytt OL. 32 prosent er negative, medan like mange er usikre.

Blant dei under 30 år svarar heile 41 prosent at Noreg bør søkja om eit nytt OL. 17 prosent er imot, medan 42 prosent er usikre, eller har ikkje gjort seg opp ei meining.

Les Are Kalvø sine krav til IOC: «Alle olympiske leikar skal alltid, til alle tider, likne mest mulig på OL på Lillehammer i 1994. Fyttirakkern, for ein folkefest. Og for eit sympatisk og smålåte og nøkternt land som arrangerte!»

Inspirert Lillehammar-ordførar

Ordføraren i byen som sist var OL-vertskap i Noreg, synest resultatet er oppløftande.

– Det er meir positivt enn eg kanskje trudde det skulle vere. Det er delt, men det vil eg seie er vanleg, seier Lillehammer-ordførar Espen Granberg Johnsen (Ap) til NRK.

For 25 år sidan stod byen hans for det IOC omtalte som «dei beste leikene nokosinne».

– Eg ser at unge menneske, og folk over store delar av landet, ser at dette er noko som på eit tidspunkt kan vere bra. Det er eit godt utgangspunkt for vidare arbeid, seier han.

Les også: Grove overgrep før Rio-OL

Gjenbruk og nøktern haldning

Folk er meir positive til OL, dersom ein brukar eksisterande idrettsanlegg. Det er Johnsen einig i.

– Eg meiner eit norsk OL bør basere seg på gjenbruk og nøktern haldning og at ein ikkje bruker meir pengar enn det som er nødvendig. Ein bør heller bruke pengane på ein folkefest enn store investeringar i dyre anlegg, seier ordføraren.

Bør Noreg søkja om å arrangera OL på nytt?

Bør Noreg søkja om å arrangera OL på nytt?

Ja! Heia! Heia!18
Tja til gjenbruk.2
Nei! Det er for pampete.11
Ingenting slår OL-94.0
Svar totalt: 31