Neste gong får vi det til

Are Kalvø
Publisert
Oppdatert 12.02.2019 09:02

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dei fleste har nok fått med seg at alle i IOC blei skikkelig lei seg då det ikkje blei noko av den norske OL-søknaden. Slikt er det viktig å unngå. Derfor har Norge no utarbeidd sine krav for å søke igjen. Krava er sendt IOC, og IOC må godkjenne krava før neste helg om det skal bli aktuelt med ein ny norsk søknad:

NORGES KRAV TIL IOC:

1: Den neste gongen det går rykte om ein OL-søknad frå Norge, skal alle i IOC umiddelbart gå ned påkne og seie «Tusen takk. Endelig ein søknad frå eit sympatisk smålåte land med tradisjonar for nøktern pengebruk, pølser på termos og telting i skogen. No er vi så lei av at det alltid er usympatiske land med mykje pengar som arrangerer OL.»

2: Etter at det har blitt bekrefta at Norge søker, skal alle i IOC reise til Norge, smile, ta folk i hendene, og gi uttrykk for at det er fint her og at folk er hyggelige og smålåtne og nøkterne.

3: Alle reglement, krav og statuttar for IOC og OL må endrast. Alle noverande tekstar skal bli erstatta med eit nytt og mykje kortare reglement: «Alle olympiske leikar skal alltid, til alle tider, likne mest mulig på OL på Lillehammer i 1994. Fyttirakkern, for ein folkefest. Og for eit sympatisk og smålåte og nøkternt land som arrangerte!»

4: OL-ringane skal ikkje lenger brukast. Vi foreslår å erstatte ringane med eit meir nøkternt, smålåte, demokratisk og ikkje minst framtidsretta symbol: For eksempel eit bilde av ein blid fyr åleine i skogen. Eller det legendariske bildet av kong Olav påtrikken. Eller eit anna ca åttehundre år gammalt foto som mange i Norge framleis baserer sjølvforståinga si på.

5: Uansett val av nytt OL-symbol: Alle i IOC skal til ei kvar tid ha bildet av Olav på trikken på kontora sine og som bakgrunnsbilde på telefonar, pc-ar og padar. Dette for å minne alle i IOC om at til og med pampar som ikkje er demokratisk valde kan få folket på si side om dei berre lærer seg litt elementær omdømmebygging.

6: Om IOC også i framtida skal halde seg med sure, kravstore talspersonar som ser usunne ut og har tvilsamt demokratisk sinnelag (og det må IOC få lov til, vi skal ikkje bli heilt urimelige, dette er trass alt idrett), då skal desse talspersonane ikkje himle med auga og seie ting som at folk i Norge baserer seg på kjensler og halvsanningar. Talspersonane skal utelukkande seie ting som «Best winter olympic games ever». Det er greitt å vere udemokratisk og grisk. Det er ikkje nødvendig å bli usympatisk også.

7: Pomp er strengt forbode. Prakt også. Kanskje spesielt prakt. Om det er behov for ytterligare presisering av kvar grensene går for pomp og prakt, viser vi til den høgtidelige opninga av Stortinget. Det norske Stortinget blir opna eit stykke utpå hausten, omtrent samtidig med at julebordsesongen startar, og opninga blir markert ved at kongen mumlar og alle representantane tek på seg klede dei ikkje trivst i. Meir pomp og prakt enn dét er berre fjollete. Om det er behov for endå meir presisering av grensene for pomp og prakt, er dette berre å ta kontakt, så skal vi sende dykk eit eller anna ca åttehundre år gammalt foto som mange i Norge framleis baserer sjølvforståinga si på.

8: IOC-representantane vil naturligvis få servert både mat og alkohol under arrangementet. Representantane vil bli innkvarterte privat i heimar ganske langt unna sjølve arrangementet, i alle dei ulike landsdelane. Her vil det bli servering av gløgg, karsk, støgg, klump, heng, disse, pøl, fjelg, bæl, blubb, gøple og ei rekke andre lokale spesialitetar som ingen i Norge serverer unntatt når det er dumme utlendingar på besøk. Maten blir fortært medan det lokale vertskapet smiler breitt og seier «Slikt får de nok ikkje servert på bankettane i Lausanne?» Rett svar på dette spørsmålet er, om det skulle vere tvil om det, nei. Etter måltidet vil det bli anledning til å stå utanfor huset til verten og sjå på skog, medan verten seier «Har vi det ikkje fint her?» Dette er, om det skulle vere tvil om det, ikkje eit spørsmål.

9: Vi skal kose oss.

10: Vi altså. Ikkje dykk.

Les fleire Are Kalvø-tekstar her!