Ni av ti klarar fag- og sveineprøva

Nye tal frå Utdanningsdirektoratet viser at fleire får fag- og sveinebrev. Kunnskapsministeren er nøgd.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner er nøgd med dei nye tala. Foto: Marte Garmann, Regjeringen

– Dette er gode nyheiter! Noreg treng fleire fagarbeidarar. Førre veke fekk vi tal som viser at fleire får læreplass, no håpar eg fleire ungdommar blir inspirerte til å velje yrkesfag når dei skal søkje på vidaregåande denne våren, seier kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner.

Tala frå Utdanningsdirektoratet viser òg at færre elevar droppar ut av vidaregåande skule.

93 prosent står

I skuleåret 2017–18 vart det teke 27.570 fag- og sveineprøver. Totalt fekk 93 prosent av dei avlagde prøvene karakteren stått eller stått svært godt.

Delen som står er høgast på utdanningsprogram for teknikk og industriell produksjon og på service og samferdsel. I Telemark, Sogn og Fjordane og Oppland står 96 prosent av kandidatane. I Oslo får 88 prosent fag- og sveinebrev.

Les også: Regjeringa løyver meir til yrkesfag, men opprettar ikkje éin ny fagskuleplass

Finnmark har størst auke i læreplassar

Samanlikna med skuleåret 2011–12 har talet på fag- og sveinebrev auka med 19 prosent.

– Arbeidet med å skaffe fleire læreplassar fortset med full kraft. Det er positivt å sjå at det også har vore ein vekst på 82 prosent blant dei som får fagbrev etter opplæring i skule, seier Sanner.

Størst prosentvis auke i talet på nye lærlingar ser vi i Finnmark. Her har talet på læreplassar auka med 75 prosent sidan 2012. I 2018 er det Trøndelag og Rogaland som har flest nye lærlingar, begge med over 2.600 nye lærlingar.