Smadra kan vinne kritikarpris

Dei nominerte til litteraturkritikarprisane 2018 er klare. Brynjulf Jung Tjønn kan vinne for beste barne- og ungdomsbok.

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Torsdag annonserte Norsk kritikerlag dei nominerte til Kritikarprisen for bokåret 2018. Dei nominerte i kategorien beste barne- og ungdomsbok er:

  • Endre Lund Eriksen: Verdens beste pappa, Aschehoug
  • Agnar Lirhus: Ellers er jeg ikke noe menneske, Cappelen Damm
  • Kaia Linnea Dahle Nyhus: Verden sa ja, Cappelen Damm
  • Brynjulf Jung Tjønn: Smadra, Flamme

Les også: No kan du bli med på Framtida.no si kåringa av dei beste nynorske barne- og ungdomsbøkene

Alvorlege tema

Fleire av dei nominerte til årets barne- og ungdomsbok tek føre seg alvorlege og mørke tema. I grunngjevinga skriv Norsk kritikerlag at Verdens beste pappa viser si styrke når den barske og autoritære faren til hovudpersonen Mads (12) vert avslørt som ein hustyrann.

Ellers er jeg ikke noe menneske fortel historia til Mathilde, ei fjorten år gammal jente som vert mobba på skulen utan at nokon vaksne grip inn. Sjeldan i ungdomslitteraturen opplevast dei vaksne si ansvarsfråskriving som meir brutal enn her, står det i presentasjonen av dei nominerte.

Også tema i Smadra er av det mørkare slaget. I boka møter lesaren Oda. Ho er redd fordi mor slår ho så hardt at ho lyt lyge – til far, læraren og Milad. Norsk kritikerlag rosar Brynjulf Jung Tjønn for ein kort og ladd roman om knust tillit.

Den siste nominerte boka er av eit litt anna slag. Verden sa ja forklarer evolusjon og korleis det vart liv på jorda. Nyhus har laga ei konfronterande biletbok om håpet og åtvaringa som følgjer det å vere menneske på jorda, skriv Norsk kritikerlag.

Vinnarane vert kåra torsdag 7. mars klokka 11.00 på Litteraturhuset i Oslo.

Les også om korleis Smadra gjekk frå å vere eit mobilnotat til ei ungdomsbok.

Nominasjonsgilde

Norsk kriterlag skal også premiere beste vaksenbok, beste sakprosabok for vaksne, og beste omsetjing.

Dei nominerte for beste vaksenbok er:

  • Mona Høvring: Fordi Venus passerte en alpefiol den dagen jeg blei født, Oktober
  • Trude Marstein: Så mye hadde jeg, Gyldendal
  • Per Petterson: Menn i min situasjon, Oktober
  • Gunnar Wærness: Venn med alle, Oktober

Per Petterson er også nominert til Ungdomens kritikarpris 2019 for si bok Menn i min situasjon.

Dei nominerte for beste sakprosabok for vaksne er:

  • Cecilie Arentz-Hansen: «Kvinder med begavelse for lægevirksomhet», Cappelen Damm
  • Jan Grue: Jeg lever et liv som ligner deres, Gyldendal
  • Marte Michelet: Hva visste hjemmefronten?, Gyldendal
  • Eivind Trædal: Det svarte skiftet, Cappelen Damm

Dei nominerte for beste omsetjing er:

  • Brit Bildøen: Alice B. Toklas’ sjølvbiografi av Gertrude Stein, Skald
  • Gøril Eldøen: Vernon Subutex 1 av Virginie Despentes, Gyldendal
  • Ute Neumann: Alle dagers ende av Jenny Erpenbeck, Oktober
  • Magne Tørring, Ika Kaminka, Jan Aleksander Enoksen, Tara Ishizuka Hassel, Yngve Johan Larsen, Petter Mæhlum, Øyvor Nyborg og Anne Lande Peters: Knakketiknakk. Korte fortellinger fra Japan 1895–2012, Bokvennen

Les også: Litteraturen er heldigvis større enn Noreg og Vesten