Brenn for at alle skal få bøker å lesa
Nina Skauge med lettlest-serie på nynorsk for ungdom og vaksne med lærevanskar.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Boka Gjengen drar til Nord-Noreg er den trettande i serien om Tigergjengen. Seinare i februar kjem serien for første gong ut på nynorsk. Totalt er det fem nye bøker i serien som kjem ut – på både nynorsk og bokmål.
Framtida.no var med Nina Skauge på ei opplesing i eit bufellesskap i Bergen, ikkje heilt ulikt bufelleskapet til Tigergjengen.
– Det er kjekt å få Nina på besøk, seier Kine.
Ho har lese nesten alle bøkene om Tigergjengen. I bufellesskapet bur også Trond, Per Kristian, Sølvi og Rune.
– Eg liker godt å lese. Frå eg var liten har eg lest Hardyguttene og no les eg Lyskasteren, fortel Per Kristian, som er nøgd med at dei neste bøkene til Skauge kjem på nynorsk.
– Eg snakkar allereie nynorsk, eg. Eg seier jo sjølvsagt, og ikkje.
LES OGSÅ: Tips til bøker for menneske med utviklingshemming.
Vil ha bok om ekskjærastar
– De er dei første som får høyre denne forteljinga, for den er heilt ny, seier Skauge, og les frå historia om Tommy som blir sjalu når han ser kjærasten May på gata med ein framand mann.
Kine spør om Nina skal skrive ei bok om ekskjærastar.
– Det var ein god idé, svarar Skauge, og foreslår at dei kan møtest for å diskutere og planlegge boka.
LES OGSÅ: TV Bra utvidar på Vestlandet
Lesehesten Kine (t.h.) ønskjer seg fleire bøker å lese i.
Saknar fleire gode bøker
Målgruppa for bøkene om Tigergjengen er personar med lærevanskar eller moderat utviklingshemming. Ungdom og vaksne. Skauge understrekar at store og tydelege illustrasjonar er viktig.
– Dei gjev tolkingshjelp til lesesvake og ikkje-tekst-lesande, forklarar ho.
Skauge meiner det er manglar ved mange av bøkene for ungdom og vaksne med utviklingshemming.
– Eg synest ikkje kvaliteten er god på ein del av det som vert laga. Mange omsyn må takast når det vert skrive og vert teikna til denne gruppa, blant anna deira kognitive utfordringar, avgrensa ordforråd, problem med å forstå tid og avstand, konsentrasjonsvanskar, sviktande kortidshugs og synsvanskar, understrekar ho.
Leser søker bok har samla fleire lesetips med enkelt innhald på Boksøk.no!
Sølvi og Evelyn les bøker saman.