Ane Dahl Torp: – Viktig å fjerne kjønnsperspektivet i fotballen

Ane Dahl Torp og John Carew meiner det er umogleg å spå om fleire kvinner vil markere seg som fotballtrenarar som følgje av TV-serien «Heimebane».

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dahl Torp og Carew speler hovudkarakterane i dramaserien, som no er aktuell med sesong to. I serien er Dahl Torp trenar for fotballklubben Varg IL. Det er sjeldan ein ser ein kvinneleg hovudtrenar for ein toppklubb.

Spørsmålet er kvifor det er slik?

– Det er faktisk gøy at du spør, for etter at den første sesongen var på lufta, er det ingen som skjønner kvifor det ikkje er nokon kvinnelege trenarar på høgt nivå. Før serien kom, var det rart å tenke på at det gjekk, men no er det ingen som skjønner kvifor det ikkje er kvinnelege trenarar på toppnivå. No berre ventar ein, seier Dahl Torp til NTB.

Les også om 20 år gamle Ane Dahl Torp: – Eg var litt sånn «okei, då er livet lagt liksom, då blir eg skodespelar»

Skeivt

Ho meiner det er umogleg å seie kor lang tid det kjem til å ta før det skjer, men at det er viktig å fjerne det skeive kjønnsperspektivet i fotballen.

– I vår kultur er det ein sterk tendens til å ikkje like ei dame viss ho ikkje går rundt og ber om å bli likt. Ein mannleg leiar treng ikkje bli likt om han er god. Ei dame er også avhengig av å bli likt, og det er ein vanskeleg kombinasjon som leiar. Men ein kan vere leiar utan å vere så sinnssjukt godt likt, seier Dahl Torp, som sjølv meiner ho ikkje kunne ha vore trenar på noko som helst nivå, ettersom ho sjølv meiner ho ikkje er kompetent nok.

I vår kultur er det ein sterk tendens til å ikkje like ei dame viss ho ikkje går rundt og ber om å bli likt

Becky Hammon er assistenttrenar for NBA-laget San Antonio Spurs. Carew meiner fotballen heng etter idrettar som basketball når det gjeld inkludering av kvinner som trenarar.

– Vi har jo ingen kvinner i toppligaene i Europa, så på den biten heng vi etter, ja. Det å få inn ein kvinneleg trenar, ikkje berre som fysioterapeut, men som trenar, det er spesielt. Nokon må gå inn for det og gi kvinner sjansen. Det står stor respekt av det laget som etter kvart gjer det, seier han.

Les også reportasjen som spør: Kvar er dei kvinnelege produsentane? 

Mange er flinke nok

Carew meiner det er nok av flinke kvinner der ute som kan gjere ein minst like god jobb som menn.

– Det er mange kvinner som har den kompetansen som blir kravd. Det kan framleis ta tid, for fordommane er nok større i dei europeiske toppligaene enn her. Somme stader er det nok veldig tøft, utan tvil. Men det går den rette vegen, seier den tidlegare fotballproffen.

Nokon må gå inn for det og gi kvinner sjansen

– Kva må gjerast for at vi skal få ein kvinneleg trenar på toppnivå i fotballen?

– Det er vanskeleg å svare på. Eg håper likevel at eit program som «Heimebane» gjer sitt til at folk får opp auga for at kvinner er like kompetente. At vi får prata om det, er positivt. Det er perfekt. No må ting skje. Klubbane må ta sjansen, seier Carew.

John Carew er klar for en ny sesong av “Heimebane”. Mandag var skuespillerne i serien tilgjengelige for pressen på Ullevål Stadion. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB Scanpix

Les også meiningsinnlegget om kjønnsubalansen i idrett: «Kvinner er ikkje svake, og vi må høyre på kva kvinner i den einskilde idretten sjølv ynskjer»

Eige prosjekt

Lise Klaveness er direktør for elitefotballen i Norges Fotballforbund. Eitt av prosjekta som forbundet jobbar med, er eit trenarprosjekt med elleve kvinnelege trenarar som ønsker å utvikle seg og ta steg framover som trenar.

Klaveness, som i sommar var ekspertkommentator for NRK under fotball-VM, seier at ho berre ventar på at ein toppklubb på herresida hyrar ein kvinneleg trenar.

 Det er vinn-vinn for ein klubb, og eg er overraska over at ikkje fleire klubbar har tenkt i den retninga, seier ho til NTB.

Klaveness held fram:

 Kvinnelege trenarar på kvinnelag skjer heile tida, men ingen har brote barrieren med å ha ein kvinneleg trenar på eit herrelag. Alle barrierar er til for å brytast, men kvar gong det er ein barriere, ber den første kvinna mykje på skuldrene sine. Det er unødvendig, for det same faglege fokuset kjem sjeldan fram om det er ein mann som blir tilsett. Det er vi bevisste på i NFF, og det er blant grunnene til at vi driv med trenarprosjektet, seier ho.

Les også intervjuet med dei to Heimebane-profilane Camilla Bones og Endre Synnes Hagerup: – Det har vore ei sjuk læringskurve. 

Emma Bones og Endre Synnes Hagerup alias Camilla og Nils i Heimebane. Foto Beate Haugtrø