Kroppspositivist Carina Carlsen er frontfigur i årets Uke 6-kampanje #lykkeligvitende.
mm

– Det er mange historier om mangelfull seksualundervisning der ute. Det er trist å høyre at det framleis er lærarar som kvir seg for å skulle snakke med elevane om temaet, seier Carina Carlsen, rådgjevar ved likestillingssenteret.

Ho er bidragsytar i årets Uke 6-opplegg frå Sex og Politikk. Der stiller ho mellom anna opp i kostyme og spør folk på gata om kjønnsorgan og kjærleik. Kvinna i gata var veldig kunnskapsrik og kunne alt, elles kvidde dei seg for å svara i det heile.

Mannen i gata sleit ho med å få i tale, noko ho meiner kan ha samanheng med kostymevalet, som du ser her:

 

Se dette innlegget på Instagram

 

De fleste av de som følger meg her i sosiale medier, vet at psykisk helse, seksualitet og barn og unge er mine hjertesaker. Så hva er vel bedre enn når du får en forespørsel om å være med å fronte alle tre på en gang!? Neste uke går Uke 6 av stabelen. Dette er det mest brukte seksualitetsundervisningsmateriellet i Norge, og årets tema er «Positiv seksualitet». Jeg har vært så heldig å få være årets SoMe-ambassadør og «programleder» i videoserien «Bli #LykkeligVitende»! Mandag 4-februar, klokken 08.30 blir det kickstart på Kulturhuset i Oslo, så dersom du befinner deg i området håper jeg du tar turen. Da blir det premiere på første episode, innslag, rom for samtaler og masse fokus på positiv seksualitet! @sexogpolitikk #seksuellhelse #seksualundervisning

Et innlegg delt av Carina (@fetmenfattet)

Les også: – Ikkje stå framfor spegelen og sleng drit til deg sjølv!

Eit seksualvenleg miljø

Både generelt og i skulen spesielt meiner Carlsen folk må bli flinkare å snakka om sex.

– Me må skapa eit seksualvenleg miljø. Seksualundervisninga sitt første bod er at du snakkar ikkje om deg sjølv. Om du snakkar om analsex står det ikkje i panna at «dette driv eg med», understrekar Carlsen.

Sjølv er ho utdanna vernepleiar med vidareutdanning i sexologi og kursar sjukepleiarstudentar i temaet. Ho meiner det er viktig at lærarar lærer å ha ein fagleg distanse til temaet og utvidar perspektivet.

– Altfor mange trur sex handlar om å stikke noko inn i nokon, men det er så breitt. Det handlar om grenser, forelsking og blikk. Det praktiske er ein så liten del av det, seier Carlsen.

– Kor er gleden?

Ikkje minst etterlyser Carina Carlsen eit større fokus på positiv seksualitet i seksualundervisninga.

– Ein snakkar om å unngå graviditet og SOI (red. anm. seksuelt overførbare infeksjonar), men kor er gleden? Eg måtte bli nesten 30 år før eg forstod at verdien min ikkje ligg i kor mange som vil liggje med meg, at eg har lov å sei nei og at eg då har krav på å bli høyrt, kva som er mine eigne grenser og at min kropp ikkje er eit forhandlingskort, seier Carlsen, som i sosiale medier har profilert seg som ein aktiv kroppspositivist.

Ho etterlyser ei meir dialogbasert og normkritisk undervisning som lærar elevane å bli trygge på seg sjølv, eigen identitet, legning og kropp. Ho meiner me treng eit betre språk og større openheit rundt seksuell helse, slik at me ikkje går over verken våre eigne eller andre sine grenser.

– Me må rett og slett læra oss at det med grenser er litt sexy og vitnar om tryggleik på korleis du vil ha det, understrekar Carlsen.

Les også om Argentina: – Det finst ikkje seksualundervisning i skulane.

Lektor og rådgjevar i Sex og samfunn, Marianne Støle-Nilsen, meiner det er viktig å gje lærarane dei verktya dei treng.

Kondom, men kvifor?

Rådgjevar i Sex og samfunn, Marianne Støle-Nilsen, har òg inntrykk av at seksualundervisninga ikkje fungerer heilt slik ho skal.

– Når ein spør folk kva dei hugsar frå seksualundervisninga svarar nesten kvar einaste ein at det einaste dei lærte var å tre på eit kondom. Likevel er nordmenn – ironisk nok – i verdstoppen når det kjem til å droppe kondom. Ein kan ikkje berre seie «her er eit kondom som de skal tre på». Ein må ha haldningsskapande seksualundervisning som støttar opp under kvifor ein må bruka kondom.

Ho er sjølv lektorutdanna og har sett seg lei på mantraet frå samfunn og politikarar om at seksualundervisninga er for dårleg, medan det ikkje vert gjort noko for å betra stoda.

Les også artikkelserien om kroppsvæsker og pubertet.

Seksualitet og livsmeistring

I den nye plattforma står det at regjeringa vil betra seksualundervisninga i grunnskulen og vektleggja grensesetting og respekt for eigne og andre sine grenser, men Støle-Nilsen peikar på at det ikkje står noko om korleis.

– Det nyttar ikkje berre å høyre at du er dårleg utan at du får det du treng for å bli bra, understrekar lektoren.

Både seksualitet og kjønn, samt mellommenneskelege relasjonar og grensesetting er tenkt inn i delen for «folkehelse og livsmeistring» i den nye overordna delen av læreplanverket.

Fordi Støle-Nilsen opplevde mykje synsing om seksualundervisning nytta ho masteroppgåva si til å undersøke forholda nærare. Kortversjonen er at mykje har gått framover, men at det framleis er for varierande. Ofte kokar det ned til læraren sitt eige personlege engasjement om elevane får god nok seksualundervisning.

Les også om 22 år gamle Jakob Semb Aasmundsen som skal bryte ned tabu kring seksualitet og kropp: – Unnskyld, mormor! I 2019 skriv eg bok om sex, makt og kjærleik

Nervøse lærarar

Lektoren fortel at lærarane etterlyser temaet i utdanninga og meiner Uke 6 er eit viktig verktøy inn i skulane fordi det legg opp til dialogbasert og normkritisk seksualundervisning.

– Seksualitet er ikkje som alle andre tema. Det er mange tabu knytt til det og det opplevast fort personleg. Mange lærarar er redd for å ikkje ha nok kunnskap og dei har ikkje lært korleis dei skal lære det bort, seier Støle-Nilsen.

Ho understrekar at det er viktig at undervisninga framleis tek sikte på å førebyggja graviditet, kjønnssjukdommar og overgrep, men at det bør vera meir fokus på positiv seksualitet og relasjonar.

Lærarar er ikkje sexologar

– Kva kjenneteiknar god seksualundervisning?

– Nummer ein er at ein tek elevane og deira livssituasjon på alvor. At du er open og viser at dette er faktisk er greitt å snakke om. Opne opp for dialog slik at elevane vågar å spørje og ser deg som ein kompetent fagperson, svarar Støle-Nilsen.

Ho understrekar at det er viktig å ta tak i elevane si samtid og ta tak i aktuelle problemstillingar som til dømes relasjonar, samtykke og porno. Slik kan dei reflektere over informasjonen dei møter og stå rusta til å ta gode val for seg sjølv og andre.

– Ein må hugse at lærarar ikkje er sexologar. Vis at du kan noko, men ikkje alt. Hugs at du ikkje snakkar om deg sjølv, noko heller ikkje elevane gjer. Så er det viktig å bruka humor og kunne le av ting, tipsar lektoren.

Les også: Fride (24) lagar podcast om forhold og kjærleik

Mytene lever vidare

Andre råd er å dela klassen opp i mindre grupper på tvers av kjønn og opna opp for anonyme spørsmål. Ho erfarar at elevane gjerne veit mindre enn ein trur om emnet og at det framleis er mange myter som lever vidare. Døme på dette er myten om ei jomfruhinne som sprekk og diverse historier om kva som kan føra til graviditet og ikkje.

Det vanlegaste spørsmålet er likevel «er eg normal», anten det handlar om kva ein har lyst til eller ikkje lyst til, korleis kroppen ser ut eller om ein har hatt sex eller ikkje.

Lektoren er positiv til eksterne seksualundervisningsopplegg og aktørar inn i skulen, men understrekar at det må vere eit supplement til seksualundervisninga i skulen.

– Kva risikerer me om elevane ikkje får god nok seksualundervisning?

– At dei tek dårlege val for seg sjølv og i møte med andre. Ein risikerer at dei vert utrygge fordi dei ikkje kjenner sine eigne grenser og ikkje har reflektert over kva dei ønskjer før dei står i situasjonen.

Les om korleis myta om jomfruhinna vert nytta for å utøve sosial kontroll: – I nokre miljø vert den syltynne, elastiske hinna sin tilstand spørsmål om liv og død.

Generalsekretær i LIM (Likestilling, integrering, mangfold) Dana Manouchehri, Jan Bøhler (Ap), forskar Halima El Abassi, Guro Angell Gimse (H) og leiar for førebyggjande eining i Sør-Aust politidistrikt, Nina Karstensen Bjørlo vil alle ha ein slutt på såkalla jomfrusjekkar.
Oppdatert: måndag 4. februar 2019 08.33

Kommentarar

ANNONSE