Fride (24) lagar podcast om forhold og kjærleik

Elise Løvereide
Publisert
Oppdatert 10.05.2019 09:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I starten av november blei den første episoden av podcasten Innblikk lagt ut på Itunes. Det er Fride Næss Nonstad, som nyleg vart ferdigutdanna journalist, som fekk ideen om å la folk i 20-åra fortelje historier frå eige liv.

– Det finst mange podcastar på engelsk der folk tør å vere sårbare og å snakke ærleg om kjenslene sine, samstundes med at historia er godt gjennomarbeida med musikk og dramaturgi. Eg sakna å høyre slike historier frå norske ungdommar, så eg byrja med mi eiga historie, seier Nonstad.

Ærlege og ekte historier

Alle som fortel historia si, på om lag seks-ti minutt kvar, er anonyme. Historiene skal vere ærlege og ekte. Dei kan til dømes handle om fylleangst, flørt og forelsking.

– Den skamma du opplever når du vaknar opp hjå ein framand og ikkje veit kor du er, den er nok vanlegare enn ein trur der og då. Desse historiene formidlar at det er greitt å føle skam eller å vere flau. Ingen sa det til meg då eg sjølv trengde å høyre det, seier Nonstad.

Bank med historier

Ideen bak podcasten hadde ho i hovudet i eitt år. I oktober jobba Nonstad for studentradioen i Trondheim. Då blei ho spurd om å foreslå ideen for Monster.

– Eg hadde allereie tatt opp nokre historier i studio, men då blei det til at eg faktisk måtte verkeleggjere ideen.

– Korleis går du fram for å finne folk?

– Eg starta med omgangskrinsen. Etter kvart har eg samla meg opp ein liten bank med historier som eg veit er gode. Samstundes merka eg kva slags tema eg saknar. Då er det berre å prate med folk. Eg veit at venninna mi har ei historie, og så hennar venn, og så blir det ein dominoeffekt. Mange er villige til å dele. Når ein tar bort detaljane, får dei kontroll over sine eigne historier, meiner Nonstad.

Foto: Rasmus Liestøl

Asbjørnsen og Moe

Fride visste at ho ville samle historier frå vanlege folk i 20-åra, om kjærleik, sex og flauser. Ho fortel at det ikkje er mangel på folk som ønsker å stille opp. På eit tidspunkt laga ho eit Facebook-arrangement, der dei som trykka attending kunne bli med ho på ein kopp kaffi.

– Eg forsøker å tenke balanse i temaa og på legning. Det finst mange historier frå jenter som har vore i vonde forhold, så då prøver eg å finne tilsvarande historier frå gutar for å skape balanse.

– Kvifor trur du at folk har lyst til å fortelje?

— Eg trur tanken er at deira historie kan vere til hjelp for andre. Ein kjenner seg mindre åleine og kan appellere til andre. Folk synest det er spennande å fortelje, det er ikkje noko ein får oppleve så ofte.

Førebels er Fride åleine om å lage Innblikk. Ho meiner at bakgrunnen hennar som journalist er god å ha når det gjeld å finne essensen i historiene og å presentere dei dramaturgisk.

– Eg har vore ein liten Asbjørnsen og Moe og samla inn historier, men det er prøving og feiling når det gjeld presentasjonen. Alle har ei historie, og alle kan lære av kvarandre.

Foto: Rasmus Liestøl

Anonymitet

– Kan det vere eit problem dersom folk kjenner att personar i historiene?

— I forteljingane er det ikkje med namn, alder eller stadsnamn. Det er ingen detaljar som gjer at lyttaren kan kjenne seg att. Eg synest anonymiteten er viktig, og historiene skal vere minst mogleg utleverande på andre sine vegner. Forteljarane skal fokusere på seg sjølv og på deira kjensler, seier Nonstad, og held fram:

– Til dømes er det ein som fortel om korleis han dumpa kjærasten, men eksen er berre ein person i historia. Det skal ikkje vere behov for tilsvar, og eg har ikkje fått tilbakemelding på at nokon har følt seg støtt. Målet er ikkje å såre nokon, men å få ei større forståing av seg sjølv.

– Er det nokon du har sagt nei til?

– Ja, i alle fall til nokre av historiene som har blitt foreslått. Eg er ikkje på jakt etter sjuke sexhistorier eller sprøe historier. Poenget er at dei skal formidle noko som folk kjenner seg att i. Ein ting er å sjå kjenslene og opplevingane til menneska på TV-skjermen, men ein veit jo at det berre er skodespel. Når ein høyrer ekte historier, er det enklare å relatere seg til det, trur Nonstad.

Illustrasjon: Mathilde Pehrson

Innblikk i andres liv

No har Fride Næss Nonstad flytta til Oslo for å ta fag i litteraturvitskap. Førebels er Innblikk eit prosjekt på fritida, men det står att å sjå korleis podcasten utviklar seg.

– Er det litt inn i tida å dele og å utlevere seg sjølv? 

– Ja, absolutt. Det handlar om å få kikke inn i andres røyndom. Med sosiale medium har vi alle fått eit innblikk i andre sine liv. Det gjer noko med måten vi fortel historier på. Alle snakkar om generasjon perfekt, og ungdom har mykje å tenke på. Då kan det vere viktig å formidle det at ting treng ikkje vere så farleg. Du er nok ikkje så rar eller sær som du sjølv trur.