Det skal bli lettare å få jobb i staten med hol i CV-en

Regjeringa vil ha eit meir inkluderande arbeidsliv, og har sett som mål at 5 prosent av alle nytilsette i staten skal ha nedsett funksjonsevne eller «hol i CV-en».

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det skal bli lettare å få jobb med hol i CV-en

Eit nytt Nav-tilbod skal gjere det lettare å nå målet.

– Regjeringa har sett seg høge ambisjonar for eit meir inkluderande arbeidsliv. Resultata kjem ikkje av seg sjølv, og derfor fyller vi opp verktøykassa slik at statlege verksemder enklare kan inkludere fleire i arbeidslivet, seier kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland.

Nav skal hjelpe til å finne rett folk

No ber ho statlege verksemder om å intensivere inkluderingsarbeidet.

– Staten må ta eit større ansvar for å tilsetje personar med nedsett funksjonsevne og andre som har utfordringar med å komme inn på arbeidsmarknaden. Eg håpar alle statlege verksemder i Oslo som har ei ledig stilling, vil kontakte Nav St. Hanshaugen. Her vil dei få skreddarsydd, kunnskapsbasert hjelp i arbeidet med å rekruttere breiare, seier Mæland.

Hos Nav St. Hanshaugen er det rådgjevarar som kjenner handlingsrommet innanfor dei spesielle rammevilkåra i staten. Dei vil også gi hjelp til med å identifisere kompetente kandidatar på tvers av alle Nav-kontora i Oslo.

Les også om Jobbhuset skal gi ein «kickstart» ut i arbeidslivet: – Her kan vi lære, prøve noko nytt, få eit spark bak.