Filmmelding: «Grensen»

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Den svensk-danske samproduksjonen Grensen (Gräns) er svenskane sin Oscar-kandidat til beste framandspråklege film.

Filmen som har Noregspremiere 19. oktober har allereie hausta mange lovord frå internasjonale kritikarar og vart tildelt kritikarprisen under filmfestivalen i Haugesund og den prestisjetunge prisen Un Certain Regard under årets Cannes-festival.

Filmen har vorte skildra som kompromisslaus og ein vågal sjangermiks som tek element frå nordisk noir, sosialrealisme og overnaturleg grøssar, slik at ein ikkje er sikker på om ein er vitne til ei kjærleikshistorie eller ein skrekkfilm.

Ein del sentrale element i filmen bør ein ikkje vete om på førehand, men kort fortalt handlar det om tollbetjenten Tina (Eva Melander) som har ei spesiell nase for yrket sitt. Ho har nemleg evna til å lukte menneskelege kjensler som skuld og skam. Dette gjer at ho kan avsløre smuglarar anten dei gøymer narkotika, alkohol eller barnepornografi.

Når den merkelege skikkelsen Vore (Eero Milonoff) kjem gjennom tollen, er det mykje Tina ikkje forstår. Etter kvart som Tina vert betre kjent med Vore, vert ho også kjent med seg sjølv og si historie.

Her kan du sjå den norske traileren til filmen Grensen:

Filmen er basert på novella Pappersväggar (2006) av John Ajvide Lindqvist. Den svenske forfattaren står òg bak romanen Låt den rätte komma inn, som vart filmatisert med stor suksess i 2008.

Grensen beveger seg i det same dystre landskapet mellom menneskjer og det overnaturlege. Filmen har så mange lag og gir så mange sterke inntrykk at ein som sjåar nesten vert utmatta av å sitje og vri både kropp og hjerne. For kva er det eigentleg regissør Ali Abbasi forsøker å fortelje?

Det heile er mangefasettert og ope for ulike tolkingar, men det er lite tvil om at det til sjuande og sist handlar om det å vere menneske.

Tina lengtar etter ein aksept ho ikkje får frå menneska rundt seg. Så kor vender ho seg då? Vel ho menneska rundt seg, eller den kompromisslause Vore, som ikkje bryr seg om korleis han vert oppfatta av samfunnet?

Til sjuande og sist handlar det om oss og dei og kva ein kan tillate seg å gjere mot dei andre. Slik vert det ikkje berre ein film om den fysiske grenseovergangen som Tina voktar, men også dei etiske grensene våre og kva som skjer når desse vert viska ut.

Les også om den norske Oscar-kandidaten Hva vil folk si her