Hardt kvesta i ulykka – no deltek ho i «Mesternes mester»

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka er henta med velvilje frå Hallingdølen.

DÅ HALLINGDØLEN for nokre veker sidan møtte den tidlegare fristilkøyraren og basehopparen Karina Hollekim, første kvinne i verda som gjorde basehopp på ski, hadde ho akkurat kome heim frå stisykling i Dolomittane.

– Ein kan ikkje kjede seg veit du, smiler ho og let seg falle ned i sofaen heime hjå far sin i Hemsedal. Er det ikkje Dolomittane, er det i surfebølgene på Stadt eller aktivitetar ved hytta på Sørlandet. Eller foredrag i inn og utland. Vintrane er framleis fylte med skiaktivitetar, om enn i andre utgåver enn for nokre år sidan. I tillegg er her kome eit par små, men ganske store, element til inn i livet hennar.

I sommar kom ho heim frå opptak av Mesternes mester på Mallorca. Programmet går på skjermen no.

Les også om Kine Olsen (24), tidenes yngste deltakar i Mesternes Mester: – For meg var det ei glede å få drive med det eg likte aller mest.

Foto: Sunniva Luca Veliz Pedersen, Rubicon TV/NRK

FRÅ Å NESTEN KUNNE fly, måtte Hollekim lære seg å gå att etter ei baseulykke frå helikopter i 2006. Det var verdscup i akrobatikk med paraglider i Sveits. Hollekim skulle demonstrere hopp med wingsuit. Ho er på den tida den råaste kvinnelege basehopparen i verda. Så går det gale.

Hollekim får problem med skjermen og dundrar i bakken i 100 kilometer i timen. Beina blir knekte på fleire stader. Det er opne brot. Eine beinet er tilnærma knust. Ho får beskjed om at ho aldri vil kunne gå att.

Etterfølgande infeksjonar set beinet i fare. Til alt hell blir det ikkje amputasjon. Ei 12 centimeter lang jernskinne erstattar lårbeinet i høgrefoten. Og ho klarar etter kvart å reise seg frå rullestolen. 20 operasjonar og fire år etter ulykka, kunne ho også stå på ski att.

Slik såg røntgenbileta av beina til Karina Hollekim ut etter operasjonane. Foto: Skjermdump frå 20 Seconds of Joy.

Les også: Då heile karrieren hang i ein tynn tråd

Midt oppe i alt elendet klarte ho å motivere seg med positiv sjølvsnakk og hard trening. Ho fortalde seg sjølv at ho var sterk og tøff, sjølv om trusselen var der om at ho aldri skulle koma til å gå att. Ho let sigrane dominere, ikkje nederlaga. Erfaringane og kunnskapen frå denne tida nyttar ho i dag som foredragshaldar og mental-trener. Hollekim utførte rett og slett ein redningsdåd på seg sjølv.

– Eg snakkar om korleis hjernen og kroppen spelar på lag. Om korleis me kan styre ulike tilstandar. Om dei små endringane som kan gjere ein forskjell i det lange løp. Det betyr at eg har den kontorjobben eg sa at eg aldri skulle ha. Men det er variert, med mykje reising. Då er det gøy å gå på kontoret. Og eg utviklar meg heile tida som menneske. Historia mi får ein verdi utover meg sjølv når den kan påverke livet for andre, seier ho.

Foto: Sunniva Luca Veliz Pedersen, Rubicon TV/NRK

Les også reportasjen om handballspelaren Maren Hilde Verlo som i mars skal spele om gull for Noreg: – Det følast stort!

– Og det løftet heldt eg. Benjamin er fantastisk. Ivrig. Leiken både i fjellet og på sjøen. Eg treng nokon som er litt ivrig. Sjølv om eg kanskje ikkje er like svolten lenger. I lag med Benjamin blir eg ein person som er eventyrlysten i nærområda. Eg som har vore bortskjemt med dei flottaste fjella og det beste skiføret. No kan eg dra på eventyr i eigen bakgard og finne skjulte skattar. I ein alder over 40 er det godt å få oppleve det. Og me er ekstremt privilegerte som kan kome til pappa og Kathe her i Hemsedal og nærmast bu på hotell. Pappa er skitrenar for gutane. Og gommo Kathe passar dei, så eg og Benjamin kan ha kvalitetstid saman. Me er utruleg heldige, smiler ho.

Her kan du sjå ein kort video av dei spektakulære hoppa til Hollekim: 

Les resten av saka hjå Hallingdølen.no.

Fakta om Karina Hollekim

  • Fødd 25. april 1976
  • Kjem frå Oslo og Hemsedal
  • Har fleire topplasseringar i diverse fristil-renn
  • Norges einaste profesjonelle basehoppar. Og verdas fyrste kvinnelege ski-basehoppar
  • Har hoppa fleire hundre basehopp over heile verda
  • Vart kraftig skadd i ei fallskjermulykke i 2006, men overlevde