Elevane som scorar best, har foreldre med høgare utdanning

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I fjor haust deltok omtrent 181.350 elevar på 5., 8. og 9. trinn på nasjonale prøvar i rekning, lesing og engelsk. Statistisk sentralbyrå har analysert resultata og har funne ein tydeleg samanheng mellom mestringsnivået til elevane og utdanninga til foreldra.

Resultata frå prøvane blir oppgitt som meistringsnivå 1, 2 eller 3, der 3 er det beste.

Blant dei 5.000 elevane som oppnådde meistringsnivå 3 på alle prøvar, har 84 prosent foreldre med høgare utdanning.

Les også: På denne skulen «gamer» elevane i timen

Ikkje like klart på lågaste meistringsnivå

Det er likevel ikkje ein like klar samanheng for elevar der foreldra ikkje har høgare utdanning. Av dei 4.300 elevane som er på det lågaste meistringsnivået på alle prøvane, har 1.600 foreldre med høgare utdanning og 2.500 har foreldre utan høgare utdanning.

På femte trinn hamnar omtrent halvparten av elevane på mestringsnivå 2, mens resten blir forholdsvis jamt fordelt på det øvste og nedste nivået. Det viser seg likevel at elevar som gjer det bra på éi prøve, ofte gjer det bra på alle prøvane.

Les også: Etterlyser klimaendringar på læreplanen: «La oss ta Greta på alvor»